Follabloggen

Velkommen til min blogg

Nilsmesse

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 6. desember , 2010

Primstaven seier at det er Nilsmesse i dag. Det er dagen til minne om Nikolaus den heilage(St. Nikolaus) biskop i Myra Lilleasia. Han døydde midt på 300-talet. Her har vi det gode opphavet til julenissen. Denne biskopen var visstnok ein godhjarta mann som hjelpte dei fattige.

Den norske nissen har ingenting med den opphavlege»nissen» å gjere. Den norske nissen var eit underjordisk vesen som heldt til i fjøsen og som folk måtte hugse på med mat i jula i gamle dagar. I skikkeleg gamle dagar, i førkristen tid og seinare, trudde folk på dette vettet. Dette var ingen gåvenisse, det var heller eit vesen som førde med seg ulukke viss ein ikkje stelte vel med han.

Eg trur ikkje på nissen, men eg trur at vi skal vere «nissar» slik som den opphavlege , St. Nikolaus. Er det då rett å gje gåver til andre enn dei som har nok frå før? Det er ein god skikk å gje gåver, men vi skal ikkje overdrive. Då er det betre å gje til dei som treng det mest, i jula og andre tider.

Sirupsnippar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 5. desember , 2010

Eg likar kommunevåpenet til nabokommunen. Sirupsnippar er den beste julekaka eg veit. Ja,  Ørsta har tre sirupsnippar i kommunevåpenet. Dei meiner sjølve at det er trefjelltoppar som speglar seg i fjorden, men det er altså sirupsnippar!

Det har vore slik sidan barndomen.  Mora laga alltid ein diger porsjon med sirupsnippar,  med mandel i midten. Ho laga så mykje at vi åt av dei til langt ut i januar. andre julekaker kunne vare til påske, men ikkje sirupsnippane.

Her i huset lagar vi sjølvsagt sirupsnippar,  elles vert det så som så med julestemninga. Dei er i boks no, dei og havrekjeksa. Havrekjeks er ein god nr. 2 og er ei høveleg motvekt til dei søte kakene i jula. Havrekjeks med brunost er snadder.

Far i huset skal lage krumkaker. Så sant gubben er frisk og oppgåande, så er han krumkakemeister.

Sju sortar seier du? Så langt har eg nemnt tre så dei andre sortane er meir etter loddtrekningsprinsippet. Då trekkjer vi blant dei det er konsensus om. Det kan bli det vi har kalla negertoppar, eller kanskje sprut. Det vert definitivt ikkje smultringar, dei kjøper vi heller.

Så har fembarnsmora i Oslo lova å ta med seg julemannar dersom ikkje tvillingane et opp deiga. Pepparkaker? Kanskje tobarnsmora tek med seg litt av pepparkakehuset som svigersonen i Bergen skal vere arkitekt for.

Då er kakejula redda i år og.

Støvsugaren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 3. desember , 2010

Støvsugaren,  i s i tid kjøpt av ein omreisande fyr. Ein unik og rådyr støvsugar, stillegåande og effektiv. Eg gjorde ei  investeringa som eg har vorte mobba for. Det er ikkje nokon løyndom at eg er den som nyttar mest støvsugar her i huset.  Det har vorte ein dyr reiskap etter kvart med sørvisavtale og årleg pakke frå sentralt hald med nye posar og filter. Støvsugaren er mest som eit familiemedlem. No har eg sagt opp sørvisavtalen, men eg vonar at det er råd å få tak i posar og filter når det trengst.

No har han vore på Eid og blitt reparert. Det var der det fanst ein som kunne med dette unikumet. Brytaren var gåen, men reparatøren tok ein snarveg. No startar han når eg set i kontakten, altså er av og på -knappen ute av funksjon. Eg har testa at han verkar.

Slik er det også med folk når dei dreg på åra, noko må gjerne reparerast, eller skiftast ut. Vi er ikkje robotar med av og på-knapp, men den medisinske kunnskapen er komen langt i dag. Det er mogleg å skifte ut viktige organ slik at ein kan leve mesta normalt etterpå. Det går nok ei grense ved hjernen. Du vert nok ikkje ditt gamle eg dersom du arvar hjernen etter nokon.

I dag er det tre veker att til jul, så no får eg ta i bruk den gode gamle Lux-en og gjere reint til høgtida.

Komma

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 2. desember , 2010

Kva skal ein med komma? Det er mange som slit med å setje komma på rett plass. Vi er mange som kjenner til det klassiske eksemplet med fangen som var dødsdømd. Før fangen skulle hengjast,  kom det ei ilmelding frå kongen, eller kven det no var: «Vent, ikkje heng mannen!». Meldinga hadde diverre feil i komma slik at det kom til å lyde: «Vent ikkje, heng mannen!»

Det viktigaste med komma, er at det skal lette lesinga og forståinga! Vi snakkar om logisk teiknsetjing. For å hjelpe alle oss som slit med å hugse kvar komma skal stå, er det greitt å ha nokre reglar. For dei som enno ikkje har lært grammatikk, er fleire av kommareglane umoglege å følgje,  særleg viss ein t.d. ikkje veit kva ei leddsetning er for noko.

Det er ein kommaregel eg ser at mange FB-brukarar ikkje kan,  eller i alle fall slurvar med.

Det skal vere komma framfor tiltale. Les berre gratulasjonane når einkvan har fødselsdag.» Gratulerer med dagen Per!»Vi tek liksom ein liten stogg og helsar på den vyrde personen. Ja, komma er ein pustepause. Det skal sjølvsagt vere: «Gratulerer med dagen, Per!»  Det er Per vi gratulerer og ikkje dagen(!)

Eg burde sjølvsagt legge dette innlegget inn på Facebook, men eg kvir meg. Der er folk eg har hatt som elevar :-)

Adventskalender

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 1. desember , 2010

No er det i gang igjen! Fram til jul skal luker opnast i adventskalenderen. Oppgåver skal løysast og sendast inn, og kanskje vert det ein gevinst. Det er etterkvart utruleg mange nettstader som har adventskalender. Eg kan ikkje sitje heile dagen og løyse oppgåver, det finst andre viktige oppgåver også for ein pensjonist. Ein kalender har prioritet så får dei andre kome om eg har tid.

Då eg vaks opp, trur eg ikkje det fanst adventskalenderar. Borna ynskjer seg kalenderar som inneheld ting. Det kan visst bli ganske dyrt for foreldra. Her i huset har vi ein som kona mi har laga. Han er ganske kreativ og prydar daglegstova no i førjulstida. Han er forma som ei sirkel og rundt ytterkanten er det festa fyrstikkøskjer for kvar dag til 24. des. Vi fyller konfektbitar inn i øskjene og vert veldig overraska når vi ser kva som er inni. Det er annankvar dag for oss å opne, men det vert gjerne tull med teljinga.

Det er mest ikkje grenser for kva ein kan finne på når det gjeld utformingar og innhaldet i ein adventskalender, men det må då vere ganske viktig at ein slik kalender gjev brukarane glede og oppmuntring. Det er heller ikkje bortkasta om det har ei meining det som dukkar opp i luka.

Messe

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 30. november , 2010

Eg har lenge undrast litt på dette omgrepet «messe». I dag er det Andreasmesse, ein dag til minne om apostelen Andreas.

Han var bror til Simon Peter og er kanskje mest kjend for utsegna: «Vi har funne Messias». Ja, og så vart han etter tradisjonen krossfest på det vi kallar ein Andreaskross som liknar på ein X.

Ordet messe er sjølvsagt latin og er truleg henta frå avslutningsorda i den katolske messa og tyder noko slikt som» gå» eller «sende ut.» Den katolske kyrkja har mange ulike messer. Var på katolske messer då vi gjekk til Santiago for nokre år sidan og forstod ikkje kva som vart sagt.

Handelsstanden har også messer, utan at det er noko religiøst i det. «Kom og kjøp, eller gå og kjøp»!Den mest kjende plassen for store messer i Noreg er på Lillestrøm. Der vert nye varer presenterte.

I det militære har dei også messe, befalsmesse der lågare og høgare befal har sin matsal.

I den norske kyrkja har vi høgmessa som er gudstenesta kl. 11.00 søndagar. I desse dagar vert det arrangert julemesser. Det er gjerne ei blanding av handelsmesse til inntekt for misjonen og ei andakt. Såleis er ikkje dette ei reint profan messe.

Eg starta med Andreasmesse som sjølvsagt har sin plass på den gamle primstaven. No er  dei gamle merke- og høtidsdagane som ikkje lenger vert høgtida, gått i gløymeboka for folk flest.

Det lek!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 29. november , 2010

Hillary Clinton har fått  å gjere med noko ho nok likar svært dårleg. Ho har ei vanskeleg oppgåve frå før med å vere utanriksminister i ei supermakt, ho skal prøve å skape tillit som det heiter, knyte alliansar og syte for at alliansar ikkje går i oppløysing.

No har ho verkeleg fått opptil fleire varme poteter å hanskast med. Ho skal tette lekkasjar som eigenleg ikkje let seg stoppe. Kva slags silikon skal ho bruke? Det er vel brannsløkking som er rette ordet; det var det som skulle stått i overskrifta.

Ein organisasjon har spesialisert seg på å stele konfidensielle meldingar til  USA frå ulike statar, hovudsakleg frå USA sine ambassadar i utlandet. Her er det mykje saftig stoff for ikkje å seie sprengstoff. Kva skal Hillary seie til karakteristikkar av utanlandske politikarar.

Eg vil ikkje ta opp att det som vart sagt som døme i dagsnytt i dag tidleg. Avisene fekk med seg mykje i går, og meir skal kome.

Er det slik at vi no får sjå det sanne andletet til dei vi leit på? Kan det vere viktig å avsløre alt som vert sagt også i meir uformelle relasjonar? Kva tener det til? Er det tillitskapande? Vert det fred av slikt?

Det er også noko som heiter å forsnakke seg, seie noko utan å tenkje etter kva konsekvensar det kan få.

Har ein brent seg skikkeleg ein gong, vert ein meir varsam. Eg veit kva eg snakkar om…..!

Advent II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 28. november , 2010

1. søndag i advent i det Herrens år 2010 er snart historie. Ja, så lenge er det sidan. Tida før år 0  var det  ei lang adventstid.

Advent tyder kome. Det tyder ikkje vente sjølv om det kunne vere logisk – på norsk.  I dag har vi feira advent og tent det første lyset. Det vart ei fin lysmesse i kyrkja med deltaking av konfirmantane. Så var det julekonsert rett etterpå der koret som eg er medlem av, song. Der var også fine soloinnslag.

Før gudstenesta var det julegrantenning. Nokre frå hornmusikken spelte og dei frammøtte song nokre julesongar. Men det var kaldt både for korpsmedlemene og oss andre,  så det vart kort, men godt.

Ved høve som ved kyrkja i dag,  ser ein folk som ein ikkje møter kvar dag.  Det er ekstra stas når det også kjem folk frå Volda inn i vår «avkrok».

Det er fleire sider ved  førjulstida. Meir seinare.

Advent I

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - lørdag 27. november , 2010

I morgon er det 1. søndag i advent. Eg ser bort frå at det er ein stor del av det norske folk som veit lite om kva advent er, kva ordet tyder,  og elles har eit heller medvitslaus tilhøve til dei ulike symbola vi har rundt oss desse fire vekene fram til jul.

I dag har eg gjort nokre praktiske førebuingar. Sidan det ikkje no er eit grantre eller anna bartre i nærleiken av huset, har eg henta heim eit tre og «planta» det nedanfor huset. Diverre er det ein del av lysa i lenka som ikkje lyser, men pytt pytt. Eg har sjølvsagt leitt fram dei fire  stjernene vi har, og hengt  dei i  dei vindauga dei brukar å henge. Den sjuarma lysestaken er plassert i kjøkkenglaset og ventar på at søndagen skal kome.

I alle stjernene, er det lys. Lyset er eit viktig symbol i adventstida. Lyset peikar på Verda sitt lys, Han vi feirar jul for.

I morgon er det lysmesse i kyrkja.

Kryssord

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 26. november , 2010

Eg, saman med svært mange, likar å løyse kryssord. Det finst enkle kryssord og av dei  meir avanserte. Eit kryssord må ikkje vere for enkelt. Det skal ligge ei utfordring i det. Så hender det at eg går laust på eitt som er altfor vanskeleg. Viss eg må kaste det frå meg etter nokre iherdige forsøk, er det ikkje noko kjekt for det må ikkje bli for høgt over mitt kompetansenivå.

No har eg eit mål og det er å løyse eit bestemt kryssord kvar veke. Kryssordet står i  laurdagsutgåva av ei dagsavis.  Det skal vere løyst før kl.24.00 søndag. Løysinga vert send til avisa. Eg byrjar » å kjenne» personen som lagar kryssordet for her er det visse spørsmål som går att.

Personar som brukar ordet «bortover» og «nedover»  er uprofesjonelle. Det heiter sjølvsagt vassrett og loddrett! Sidan eg reknar meg som middels profesjonell, brukar eg også penn med blekk som kan viskast. Dei superprofesjonelle greier det meste i hovudet, mest som ein sjakkspelar, og kan tillate seg å bruke penn. Då veit ein kva ein gjer!

Somme meiner det er feigt å bruke kryssordordbok. Tull! Den utkropne kryssordlagaren har nok også brukt sine hjelpemiddel, så kvifor ikkje. No har vi også nettet som kan vere ei god kunnskapskjelde.

Vittige tunger vil ha det til at eg er redd for å bli senil. Det skal vere difor eg er så ihuga med kryssord. Ja, det er god trening for hjerna, men det hindrar ikkje at ein kan bli gløymsk og gløyme slå av kokeplata.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.