Kryssord

Eg, saman med svært mange, likar å løyse kryssord. Det finst enkle kryssord og av dei  meir avanserte. Eit kryssord må ikkje vere for enkelt. Det skal ligge ei utfordring i det. Så hender det at eg går laust på eitt som er altfor vanskeleg. Viss eg må kaste det frå meg etter nokre iherdige forsøk, er det ikkje noko kjekt for det må ikkje bli for høgt over mitt kompetansenivå.

No har eg eit mål og det er å løyse eit bestemt kryssord kvar veke. Kryssordet står i  laurdagsutgåva av ei dagsavis.  Det skal vere løyst før kl.24.00 søndag. Løysinga vert send til avisa. Eg byrjar » å kjenne» personen som lagar kryssordet for her er det visse spørsmål som går att.

Personar som brukar ordet «bortover» og «nedover»  er uprofesjonelle. Det heiter sjølvsagt vassrett og loddrett! Sidan eg reknar meg som middels profesjonell, brukar eg også penn med blekk som kan viskast. Dei superprofesjonelle greier det meste i hovudet, mest som ein sjakkspelar, og kan tillate seg å bruke penn. Då veit ein kva ein gjer!

Somme meiner det er feigt å bruke kryssordordbok. Tull! Den utkropne kryssordlagaren har nok også brukt sine hjelpemiddel, så kvifor ikkje. No har vi også nettet som kan vere ei god kunnskapskjelde.

Vittige tunger vil ha det til at eg er redd for å bli senil. Det skal vere difor eg er så ihuga med kryssord. Ja, det er god trening for hjerna, men det hindrar ikkje at ein kan bli gløymsk og gløyme slå av kokeplata.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *