Follabloggen

Velkommen til min blogg

Folk eg minnest 8

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 9. januar , 2026

Vi går no frå Nilsgarden og vestover og er straks ved skulehuset på Kalvatn. Det ville no vere naturleg å mimre om den tida eg gjekk på barneskulen der, og vi skal kome tilbake til ei som var viktig her. No går vi vidare og er straks i Kalvatsvika, Dette er ein liten gard, og husa ligg eit lite stykke etter ein bratt bakke. Her budde Vika-Hjalmar og kona hans, Olga.

Han var ein røsleg kar og han køyrde stor motorsykkel med sidevogn. Hjalmar var landpostbod. Når han kom til grenda, så tok han i fløyta. Då var vi klare  til å hente posten. Folk skreiv meir brev den tida, og det var sjølvsagt også aviser. Skulle vi sende brev, måtte vi levere det til postmannen. Postkassene var ved mjølkerampen på Nøre. Eg meiner det var tre dagar i veka han kom med posten. Ein gong spurde mor kva tid han han skulle vere her med posten. «Klokka to er de`kje uredde,»svara han.

Hjlmar og Olga hadde fleire born. Den eldste var Anders, og han køyrde mjølkebilen. Då var det spannelevering, og det var meieri i Volda. Seinare køyrde han godsrute. Eg har eit minne om Anders. Ein gong bad han meg om å vere med han inn i Dalsfjorden. Det var le på vegane den tida, og eg skulle vere grindagut. Kona hans kom frå ein gard  i Dalsfjorden. Ho heitte Rut. Då køyrde han med lastebil.

Så var det Vika- Lars. Han køyrde buss. Å vere sjåfør den tida var ikkje spøk, Det var grusvegar og vinterstida var det ofte snøfonner  på vegen mellom Kalvatn og Volda. Eg opplevde tryggleik når det var Lars som køyrde. Inge var ein annan son som også var busssjåfør, men han budde ikkje på Kalvatn. Dottera, Else-Marie, var gift med Bø- Syver som var bror til Einar og Peder, som eg har fortalt om før. Den yngste i barneflokken var Jostein.

Eg hugsar også Vika-Johan. Han hadde køyrt bil med knott- generator  under krigen og blitt forgifta, slik at han var blålig i ein del av ansiktet. Han hadde ei lita hytte i Vikavågen,  men budde elles i Åøesund.

Folk eg minnest 7

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 7. januar , 2026

Nilsgarden

Det er fire gardsbruk på Nøre der tuna ligg etter kvarandre og bak dei er Kollen ein skogvaksen ås med for det meste lauvskog og kratt. Etter mitt syn lite tilgjengeleg, Kan ikkje minnast at vi var noko der i barndomen. Det var også eit gjerde som skilde utmarka frå dyrkamarka.

Nilsgarden ligg lengst vest og grensar til vatnet. Eg var stundom i Nilsgarden, også inne i huset. Der var Arnstein som var eitt år eldre enn eg. Faren hans heitte Sivert som vi sjølvsagt

kalla Nils-Syver. Kona til Sivert heitte Nils-Marta og ho hadde eitt ord som eg ikkje har høyrt av andre. Ho snakka om at vi «klutra» når vi dreiv og leika med eit eller anna. Den eldste i husstanden var Gamle- Rasmus. Han tykte eg var stor. Han gjekk ofte på vegen og snakka til oss borna. Av og til song han. Det var ei gammal drikkeviser som eg hugsar enno. Eg vart forundra då han i minnestunda etter Torine i Sjurgarden, reiste seg og heldt ein tale der han siterte frå Bibelen. Eg hugsar også Kåre som var døvstum og som budde i Oslo. Han var av og til heime. Han var bror til Sivert. Arnstein hadde fleire eldre syskjen. det var Edit, Malvin og Rasmus.

Om retningar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 17. desember , 2025

Vi treng ord eller uttrykk for å forklare kvar vi skal når vi er ute og går. Eg er framleis i barndommen. Skulle ein heimover, var det sjølvsagt  ei retning mot heimen. Men vi kunne også seie heim i Nilsgarden og det var då forbi der eg budde. Så sa vi fram i Sjurgarden, fram på Leitebakken. Eller vi skulle inn i Myra, inn til Søre. For vidare den vegen kunne ein hamne opp i Osdalen. Eg budde nokså nær skulehuset, og då var det ut i skulen, og vidare ut i Vikja eller Månaneset. For ein vidare den vegen, hamna ein ned på Måna, eller i Kolfossen.

Kanskje vi skulle ein tur til Hjørundfjorden, og då måtte vi over Skjåstadeidet,  og etter kvart kom vi bort til Saure  der mora mi vaks opp.

Vårt næraste større senter var Volda,  og då sa vi ut i Volda, men dei på Saure sa bort i Volda. På Kalvatn sa vi gjerne ned til sjønå. Sjønå var sjølvsagt dativ for sjøen og vi var då komne til Føre (Fyrde). Her var enden til Austefjorden og fjorden rekk nesten til Volda.

Folk eg minnest 6

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 12. desember , 2025

Danielgarden

No er vi i nærleiken av der eg vaks opp. Det kunne vere mangt å fortelje når det gjeld det historiske, men i denne serien om folk eg minnest, er det best å avgrense seg.til folk eg hugsar frå mine barneår. Daniel var gift med Brit som kom frå Heggjabygda. Dei hadde mange born og eg visste om fleire av dei. Den nærast var Harald.  Han kalla vi Danel -Harald. Kona hans heitte Astrid. og det vart då Danel-Astri. Kona til Daniel vart kalla Gamle- Brit fordi Harald hadde ei dotter som også heitte Brit og ho var jamaldring med meg. 

Det kunne bli mistydingar når det var ein Harald i Danielgarden og på grannegarden der eg var. Eg opplevde at Danel-Harald fekk brev som skulle til meg. Då måtte eg bruke også det andre namnet mitt, Petter. I daglegtale heitte eg Per- Harald. Faren min som heitte Per, likte dårleg dette .Garden heitte Haraldgarden og ikkje Pergarden. 

Daniel hadde vore gardbrukar, men Harald hadde andre planar. Han tok til å produsere barneleiker i tre. Han hdde ein verkstad i kjellaren i bustadhuset, men produksjonslokale var i eit påbygg til løa og delvis i løa. Der var det dreiebenk og sager  m.m. Det var også eit rom til lakkering. Han hadde også folk i arbeid. Det er særleg to eg hugsar. Bedrifta heitte Kalvatn småindustri. Seinare sette han opp ei bygning sør om løa. Då vart det betre med ventilasjon / avtrekk. Men så vart det nok vanskar med å selje produkta for no tok plasten over i større grad. 

Men grunderen var ikkje rådlaus. No vart det møbelproduksjon, Det vart bygt på fabrikken og mange fleire folk fekk arbeid her både kvinner og menn. No var det Møremøbler i Ørsta som hadde teke over. 

Eg må også ta med ho som budde i andre etasje i det store bustadhuset. På femtitalet var det framleis telefonstasjonar. Telefonstasjonen på Kalvatn var her. Jenny hadde vore gift med ein eldre bror til Harald. Han døydde i 1939. men Jenny vart buande her og var telefonstyrar.

 

Fotvasking

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 10. desember , 2025

Sit med begge føtene i ein balje. Vatnet var heitt då eg fylte i. No kolnar det. Nytt vatn må til. Eg er så heldig at eg har ei kone som steller med beina mine. Det vart regn idag. Skulle ha vore på den daglege trimturen, men no spørst det. Vonar det letnar før mørkret fell på i dag òg.

Eg har skrive fleire bloggar den siste tida om folk eg minnast frå oppveksten på Kalvatn. Eg  er ikkje ferdig med serien, men treng å stanse opp litt før neste innlegg, Det er sjølvsagt at mange lurer på om kalvatn er kaldevatn. Dette har namnegranskarar lurt på lenge. Ein forklarar det med at vatnet som ligg her er ekstra kaldt («det kolde vand»). Ei anna forklaring er at her er fleire kollar. Då kan det eigentleg heitt Kollvatn ein gong. Ved det einaste utløpet frå vatnet var det ein foss kall Kolfossen. I det fossefallet vart det for meir enn hundre år sidan bygt eit elektrisitetsverk. Det var det første i Volda. No bur eg ikkje på Kalvatn. Det er over femti år sidan eg og familien flytta til Sunndalen. Eg har googla namnet og får opplyst at det er 627  med dette etternamnet.

No er snart fotvasking og neglestell over for denne gongen – og det regnar framleis.

Folk eg minnest 5

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 7. desember , 2025

Vegen går vidare til Sjurgarden. Her har det vore fleire Sjurar. Den siste, og som eg kjenner til, vart ikkje bonde på garden. Han gjekk skulevegen og tok  teologisk embetseksamen.

Han vart ikkje prest, men lærar på vidaregåande skular. Han var særleg flink i matematikk. Sjur tok etternamnet som far hans hadde før han vart gift med jordajenta. Torine i Sjurgarden. Namnet vart Skare. Han som vart ny bonde var Olav, broren, som då vart kalla Sjur-Ola. Eg hugsar både Sjur-Syver og kona hans Torine.

Eg har nokre minne om Sjur-Ola. Ein haustdag hadde Ola bruk for litt hjelp. Han hadde ikkje fått heim alle sauene, og der var ikkje andre folk på garden som kunne hjelpe han med å finne sauene. Det var eg som vart med til fjells. Vi gjekk eit godt stykke og hadde mål om å gå til eit område han meinte sauene måtte vere. Eg hugsar ikkje om vi fann sauene og eg har heller ingen å spørje om dette i dag.

Eit anna minne var då eg mange år seinare fekk bruk for litt hjelp med å sage nokre store stokkar på gardssaga, som Ola eigde saman med eit anna bruk. Ola var viljug til å hjelpe. Det vart litt strev, men vi fekk det til. Materialen vart nytta til huset som skulle byggjast på Sunndalsfolla. Sjur-Ola var då omlag 70 år.

Noko anna eg hugsar var at han gjerne brukte ei trillebår når han skulle frakte noko som ikkje var så omfangsrikt. Det var før han fekk seg traktor. Elles var det ofte han spurde meg om kva tid Bjørnson og Ibsen vart fødde. Han hadde også ein vane med å legge til «du» til spørsmål han stilte. » He  du fått dej sagemåd, du?» Sagemåd var det same som sagemask, eit biprodukt når ein saga. Sagemask hadde ein under kyrne i fjøsen. 

Folk eg minnest 4

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 5. desember , 2025

Vi vandrar vidare frå Skreddargarden, går over Svaragrovbrua og er snart i Myra. Over oss mot høgre ser vi ein stor hammar. Under den hammaren er der ei hole og ein mørk mystisk gang. Som smågutar var vi fascinert av denne grotta som heiter Ruskjen. Kanskje ein fredlaus har halde til der for lenge sidan. Vi skal ikkje dit, men til Myra. Dette vesle bruket som vart til på slutten av 1800-talet.

Myra høyrer til Nøre- Kalvatn. Gardbrukaren  var Myr-Eljas eller  Myren, men han heitte sjølvsagt Elias. Eg hugsar såvidt den gamle løebygninga som visstnok var flytta frå eit nedlagt bruk. Bustadhuset var det bestefaren til Elias som bygde. Elias var mykje borte frå bruket. Han var på sildearbeid i Ålesund i peri0der. Elias var omgjengeleg og hjelpsam, men framfor alt var han framtøk. Han byrja med turisme, bygde på huset og etablerte kafe. Det var særleg tyskerar som kom og budde i hytter han fekk sett opp. Det vart også bensinpumpe og litt service ved vegen.  Gardsdrifta vart ikkje forsømd. Eg kan ikkje hugse at her var sauer, men han hadde ei tid geiter. Myra vart også ein samlingsplass, særleg for ungdomen i. Eg har tidlegare nemnt Larense. Ho heitte sjølvsagt Laurentse, og ho var mor til Elias. Eg hugsar også mora til Laurentse, Marja, som eigenleg heitte Marie.  Ho var senge-liggjande. Ho vart kalla Vika-Marja for ho hadde tidlegare budd i Kalvatsvika, men no vart ho pleia av mor si i Myra. Eg var ofte i Myra for å vere saman med Ivar, yngste barnet til Elias og kona hans, Tea.

Folk eg minnest 3

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 4. desember , 2025

Vi har så langt halde oss på Søre- Katvatn, sjølv budde eg på Nøre-Kalvatn. Eg har nemnt Skreddargarden. Tunet på dette bruket vart rundt 1960 flytta nærare Nøre. Det vart såleis litt mindre klyngetun på Søre. Eit anna bruk på Søre kalla Sjurgarden, men som no var lagt inn under Bøen. Alle husa vart rivne, men det vart bygt eit nytt hus i tunet og der budde

Bø-Peder. Han var son til bonden på Bøen, Bø-Knut. Eg hugsar  han, men mest dei tre sønene. Peder bygde seg ein verkstad. Der hadde han eit rom for trearbeid og eit for meir

mekaniske reparasjoner, som t.d sveising og metallarbeid. I treverkstaden hadde han ymse maskiner for trearbeid. Eg hugsar særleg kakekorger og mindre gjenstandar. Kona hans vart kalla Lisje- Anna, ikkje fordi ho var lita, men fordi der var ei anna Anna, Bø- Anna, kona til  Bø-Knut. Når Peder hadde gjort ferdig trearbeidet, så var det Lisje-Anna sin tur til å dekorere produkta som til sist vart lakkerte. Her var det såleis ein industriarbeidsplass i bygda. Folk  som trong hjelp med reparasjoar av ymse utstyr, kunne kome og få hjelp mot betaling. Den andre sonen til Bø-Knut, Bø-Einar, tok over garden etter faren. Tvillingbroren til Peder vart kalla Bø- Syver. Hugsar ikkje at han budde i bygda, men han bygde eit hus i Månaneset, som vi har budd tre år i før vi busetje oss på Sunndalsfolla.

På Kalvatn er det sjølvsagt eit vatn som tek mykje av plassen i bygda. Kalvassvatnet vert det kalla. Styrkagarden ligg nærare vatnet på Søre. Eg hugsar Styrka-Nils, og Berte

kona hans. Nils var bonde på garden, men han selde også livspoliser. Hugsar godt at alle vi borna fekk poliser som etter mange år vart innløyste. Sonen til Nils, Normann var og bonde, men i tillegg arbeidde han på kraftstasjonen, Kopa, som ligg på Søre.

 

 

 

 









Folk eg minnest 2

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 3. desember , 2025

Vi er komne til Klåregarden og Klåre- Erik den eldre. Hugsar at han rusla etter  vegen. Ein gong på vandringa si, kom han inn på kjøkenet i Myra. Eg var der den dagen og skulle treffe ein kamerat som budde der. Bestemora hans, ho Larense. var der. Erik gjekk bort til ein spegel og greidde seg i dei sparsame håra på hovudet. Det var vel ikkje noko rart det, men Larense blunka til meg.Minnest ikkje meir frå den dagen. Larense hadde mist mannen sin for mange å sidan. Erik var enkjemann, men eg tvilar på at han gjekk på friarføter.

I Skreddargarden budde Nils Larsen, i daglegtale  Skreddar- Nils. Han var slett ikkje skreddar, men vegvaktar, Han hadde ansvar for det dagleg vegvedlikehaldet i bygda. Han gjekk rundt med spade eller annan tenleg reiskap og stelte med det som då sjølvsagt var ein grusveg. Det var få bilar i bygda fram til  1960,  nokre få personbilar og ein lastebil. Lastebilen var det Hjalmar som budde i Jakobgarden, som eigde. Broren hans, Jakob, hadde drosje.

 

 

,

Folk eg minnest 1

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 2. desember , 2025

Når ein har levd i over 80 år, er det mangt å minnast, særleg frå barne- og ungdomsår, Vaks opp i ei bygd med eigen skulekrins.

I denne bolken skal handle om menneske eg har sett og ymse utsegner og skildringar.

Menneska vi møter er ikkje lenger mellom oss. Det er ein tradisjon som no held på å forsvinne. Folk var i min barndom gjerne knytt til ein gard eller plass. Dette er ei namnsetjing som går ut etter kvart,

Bruabakk- Hans budde på ein liten gard sørvest i bygda. Han kom dit frå Melheim i Heggjabygda og vart gift med Gjertine. Eg hugsar at ho var sjukleg og låg til sengs ein gong eg var med mor eller far dit med litt mat. Ho døydde allereie i 1968 medan Hans døydde i 1987. Garden var liten så Hans har nok  vore på arbeid utanfor heimen. Dei fekk ei dotter og etter kvart har det vorte mange etterkomarar. Ut frå slektstreet ser det ut til at eg er litt i slekt med anten Hans eller Gjertine.

Eg har særleg eitt minne om Hans. det var ein 17, mai og Hans møtte opp. Eg snakka litt med han, hadde sonen med meg . «Han er feit denne sonen din, «sa Hans med ein smil under barten.

Kvie- Ola  Han heitte dette i daglegtalen, men etternamnet var Kalvatn, Han budde på det vesle bruket Kvia som ligg bø i bø med Bruabakken. Kan ikkje hugse at han dreiv garden, men han kan ha gjort det. Hugsar at han var hjelpemann på bilen som køyrde mjølk til meieriet i Volda. Han var glad i å synge så han var med i eit songkor som eg og var med i.

Eg held fram med å skrive om gamlekarane rundt i  bygda i min barndom.

 

 

 

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php