Folk eg minnest 6
Danielgarden
No er vi i nærleiken av der eg vaks opp. Det kunne vere mangt å fortelje når det gjeld det historiske, men i denne serien om folk eg minnest, er det best å avgrense seg.til folk eg hugsar frå mine barneår. Daniel var gift med Brit som kom frå Heggjabygda. Dei hadde mange born og eg visste om fleire av dei. Den nærast var Harald. Han kalla vi Danel -Harald. Kona hans heitte Astrid. og det vart då Danel-Astri. Kona til Daniel vart kalla Gamle- Brit fordi Harald hadde ei dotter som også heitte Brit og ho var jamaldring med meg.
Det kunne bli mistydingar når det var ein Harald i Danielgarden og på grannegarden der eg var. Eg opplevde at Danel-Harald fekk brev som skulle til meg. Då måtte eg bruke også det andre namnet mitt, Petter. I daglegtale heitte eg Per- Harald. Faren min som heitte Per, likte dårleg dette .Garden heitte Haraldgarden og ikkje Pergarden.
Daniel hadde vore gardbrukar, men Harald hadde andre planar. Han tok til å produsere barneleiker i tre. Han hdde ein verkstad i kjellaren i bustadhuset, men produksjonslokale var i eit påbygg til løa og delvis i løa. Der var det dreiebenk og sager m.m. Det var også eit rom til lakkering. Han hadde også folk i arbeid. Det er særleg to eg hugsar. Bedrifta heitte Kalvatn småindustri. Seinare sette han opp ei bygning sør om løa. Då vart det betre med ventilasjon / avtrekk. Men så vart det nok vanskar med å selje produkta for no tok plasten over i større grad.
Men grunderen var ikkje rådlaus. No vart det møbelproduksjon, Det vart bygt på fabrikken og mange fleire folk fekk arbeid her både kvinner og menn. No var det Møremøbler i Ørsta som hadde teke over.
Eg må også ta med ho som budde i andre etasje i det store bustadhuset. På femtitalet var det framleis telefonstasjonar. Telefonstasjonen på Kalvatn var her. Jenny hadde vore gift med ein eldre bror til Harald. Han døydde i 1939. men Jenny vart buande her og var telefonstyrar.
