Follabloggen

Velkommen til min blogg

Nytt frå kongeriket

Herolden har ropt. Det gjeld ikkje kongen. Han heiter framleis Harald V.

Det gjeld styret i Noregsveldet, statsminister og regjering. Kongen er berre til stas, ein figur som sit på toppen, utan makt.

Denne hausten, det andre året av den store pesten, har det vore eit val i landet og utfallet vart at dei som har styrt riket i 8 år, no må gje frå seg makta. All makta i landet ligg i Stortinget. Det er regjeringa som har den sokalla utøvande makta.

Det var Jonas Gardstaur og hans flokk som vann valet. Men det var og ein annan   valvinnar, han som leier den flokken som kjempar for agrarane, dei som kjenner seg særleg knytte til bygdefolket. Trygve den blidspente er parhesten til Johan Gardstaur. Dei skal no få riket inn på rett spor etter Erna Stjerna som tapte valet. No er det vanlege folk som skal lyftast fram. Ein annan av valvinnarane, Audun Klimakjempe såg seg ikkje syn med å vere med i statsstyringa sidan han ikkje var samd i at Johan og Trygve ville halde fram med å leite etter olje. Dei raude med Bjørnar den veltalande får ikkje vere med mellom dei som har makta, men han vil stelle i stand mykje bråk. Det same vil Dei grøne. Taparpartia som har styrt fram til i dag vil nok og skape vanskar for det nye fleirtalet.

Mange spør seg no: Korleis vil det gå med meg og mine no når nye kostar tek over?

 

Kommentarer er stengt.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.