Av og på

Tenkte mest på veret. I går var det tøya, idag er det kvitt. Det er typisk for veret denne tida. Irriterande kor flinke meterologane har vorte. Meinar å hugse at i gamle dagar, dvs på femtitalet så stemte det ikkje alltid. Før var folk også meir opptekne av å studere «alnakkå» og, gamle vermerke. Dei såg i Mjølkevegen kor mykje snø som skulle kome den tilstundande vinteren. Så hadde månen også meir å seie. Når det gjeld vårteikn, så har eg venta på å høyre ugla litt ut på natta. Jau, her er visst ugle framleis på Folla. Eg kan høyre det sjølv om eg tek av meg høyreapparatet om natta!

Skal vel handle om korona i dag og. No er det mest om korleis dei taklar viruset i New York, Spania og Italia. I dag er det ei lita von om at vi nærmar oss smittetoppen her i landet, men vi må rekne med status quo når det gjeld noverande tiltak fram til påska er over.

Det har ikkje hendt så mykje her på buplassen. Jau, Skare-Ivar kom med sild i dag og, nesten ei bytte. No vert det turrsild om ca 14 dagar. Første delen av dagen gjekk med til oppstart av puslespelet. Eg skal legge resultatet ut når det er ferdig.

I kveld var det Earth Hour, og trur du ikkje kvinna i huset slo av alle lys så lenge det vara. Det var berre lys frå fjernsynet. I natt vert det å stille klokka igjen.

 

Annonser

Dagane går, 26. og 27. mars

Det alle vonar no er at denne coronatida snart må ta slutt. Vi vaknar kvar dag til nyheiter om korleis smitten breier seg. Opplysningar om stoda i vårt land og verda utanfor tek mykje av tida og merksemda vår. Å kutte ut alt som har med corona å gjere, er inga løysing sidan det grip inn i kvardagen heile tida. Vi må no gjere det beste ut av den stoda vi er i sidan vi må vere heime det meste av tida.

Eg tok også i dag kontakt med ein person eg ikkje har snakka med på lang tid. Det var kjekt for oss båe. Grannen som bur oppe i lia kom inn på tunet og gav oss tre sildar han hadde fått i garnet. Totalfangsten var ni! Det vart middagen i dag. Nei, vi lid inga naud, men det vart ei glede i kvardagen. Vi er ikkje åleine.

Så langt kom eg i går. Ein ny dag er til ende og Bjørg har feira bursdag. Vi måtte til kommunesenteret for å hente ein vakker blomsterbukett frå våre kjære i Oslo og Bergen. Det vart proviantering og eit langvarig opphald på Norli. Eg ville gje Bjørg ei god bok og det vart ordna. Men det eg ikkje hadde tenkt på, var at ho hadde ein større plan: Kjøp av bøker til dei yngste barneborna. Det tok no si tid, men eg fann også ei bok til meg sjølv, ei redige røvarbok om jomsvikingane.

Vel heime var det god middag og seinare eplekake og is. Heldt på å gløyme at kona fekk pakke i posten, eit puslespel. No vart eg freista, eg som ikkje skulle pusle.

Det vart også telefonsamtale. I dag til eit søsken barn.

 

 

Annonser

I bobla

Livet har vorte annleis. Skal vi ut der folk ferdast, må vi halde avstand. Det er unormale tilstandar i riket. Det er lite planar for framtida. Eg har i dag bestemt meg for å ta kontakt med folk som eg kjenner og som det er lenge sidan eg snakka med. I utgangspunktet ein person kvar dag. Det kan bli litt ambisiøst sidan slike samtalar har eit lag til å bli lange. Eg ser det likevel som ein god plan.

Eg har allereie starta med å ta kontakt, og eg opplevde det som positivt. Kanskje kan det kome noko godt ut av coronaperioden.

I dag var det skikkeleg dårleg ver med regn og vind.  Slike dagar er perfekte til å få gjort indreteneste. Det var min tur å lage middag, og sidan det er vaffelkakedagen, laga eg herlege vafler. Kona har fått reingjeringsvirus så eg måtte hjelpe henne litt med å vaske taket i vaskeromet. Når ho først vaskar, så skal det gjerast grundig.

Elles saknar eg ei god bok. Det kjem ikkje på tale med puslespel og slett ikkje monopol!

Annonser

Corona

 

 

No er det coronavirusepidemi. Norge er i unntakstilstand. Det er krig mot noko som for vårt auge ikkje er synleg, men verkeleg. Det er ikkje levande, men heller ikkje daudt. Det kan invadere celler i kroppen din og då vert det farleg. Nokre vert alvorleg sjuke og kan døy. Det er særleg farleg for dei som er eldre, for dei som har alvorleg sjukdom frå før.

Eg bør sjølvsagt vere redd dette viruset sidan eg er eit eldre menneske. Dette er ei tid eg ikkje har opplevd før. Så lenge eg kan hugse har eg vore redd for atombomba. No har vi fått noko anna å vere redd for, ein pandemi, ein smitte som no turar fram i heile verda og trugar vår eksistens. Ingen veit kva tid dette tek slutt, kanskje ikkje før vi får ei vaksine om fleire månader.

No går samfunnsmaskineriet på sparebluss. No er det smitteverntiltaka som gjeld. Dersom alle som ikkje allereie er smitta, greier å unngå viruset, covid 19, er det ei von om siger over landeplaga.

Her i bygda veit eg ikkje om at nokon er smitta. Kona og eg lever i isolasjon som dei fleste alle. Takka vere telefon og internett har vi kontakt med omverda. Vi høyrer radio og ser fjernsyn. Slik var det ikkje for hundre år sidan då spanskesjuka herja. Butikkane er framleis fulle av varer. Vi kan hente varene sjølve, men det finst dei som er avhengige av at nokon handlar for dei. Det gjeld dei som er i karentene og dei som av andre grunnar må halde seg heime. Styresmaktene fortel oss at dette er ein dugnad, eit felles løft for å kome ut av uføret.

No kan vi ikkje berre ete, sove og passe oss for det usynlege uvesenet. Vi må passe på at vi held kroppen i form. I det siste har vi arbeidd i skogen, laga ved og elles rydda opp etter harde stormar.

Utdatert ?

Kan musikk vere utdatert? Kan eg sjølv  vere utdatert? Det har etterkvart gått opp for meg at mange av dei artistane eg har kosa meg med å lytte til, ikkje lenger lever. Her kjem stendig til nye namn, nye artistar og mange av dei er flinke. Kva er det så som får meg til å leite fram musikk som eg har lika i meir enn 50 år. Det er det eg vil lytte til.

Treng musikk vere utdatert når artisten som framførte musikken, ikkje lenger lever? Det viktigaste må vel vere at denne artisten si røyst og instrumentalprestasjonar  framleis kan lyde i rommet og gje ei oppleving. Sjølv om Hank Snow er død for fleire år sidan, kan eg lytte til den særmerkte røysta hans og det eminente gitarspelet. Det er ingen som let vere å lytte til Mozart sjølv om han er død for fleire hundre år sidan. God musikk vert aldri utdatert. Gode artistar vert heller aldri utdaterte så lenge nokon lyttar til det dei ein gong delte og fekk festa til band eller plater.

Eg kan vel vere utdatert – for nokon, men nokon vil vel hugse meg og kanskje til og med lese noko eg har skrive- og kanskje undrast?

Sidan sist

Det vart litt ferie frå bloggskriving. Av og til må ein ut og «lufte vitet.» Det vart lufta med tur til Oslo og tre dagar der. Der var det snølaust og «vårleg». Hovudføremålet med reisa var «utpakking «av julegåva frå born og svigerborn.

Det var kjekt med attersynet av «Sound of Music». Første gongen var det filmen og Julie Andrews m.fl. Bjørg og eg var forlova og skulle ha vår første tur til hovudstaden. Må ha vore i 1965. Eg har framleis LP-en med musikken. Barn og ungdom i dag har nok ikkje noko forhold til «låtane».

Det var gildt å høyre «Edelweiss» att, no i teaterversjonen på Folketeateret. I høve til filmen vert det teikna eit alvorlegare bakteppe enn i filmen.  Det er rett før utbrotet av 2. verdskrigen. Nazistane innlemmar Austerike i det som skulle bli det stortyske riket. Vi fekk med oss alle dei kjende melodiane, og musikken og sceneprestasjonane var framifrå. Eg vart særleg imponert over prestasjonane til ho som spelte abbedissa spelt av Solveig Kringlebotten.

Heimturen med nattbussen vart noko annleis enn planlagt. Strynefjellet var stengt på grunn av snøras, så det vart busstur via Åndalsnes og Romsdalen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Holocaust

I dag er det den internasjonale minnedagen for holocaust, masseutryddinga av jødar sett i verk av nazistane før og under 2. verdskrigen. For nokre dagar sidan skreiv eg om Tara Westover. Ho hadde ikkje høyrt om holocaust før ho kom på skule som 17 åring. Det er viktig at vi ikkje gløymer det fælslege som hende, ikkje minst fordi antisemittismen  framleis lever. Det kanskje farlegaste er likesæla.

Dagens ord er frå Salme 25, 1-6

Herre, eg lyfter mi sjel til deg.

Min Gud, til deg set eg mi lit.

Lat meg ikkje bli til skamme.

lat ikkje fienden

fryda seg over meg!

For ingen som set si von til deg,

skal bli til skamme,

til skamme blir dei trulause,

med sine tomme hender.

Herre, lat meg kjenna

dine vegar.

Lær meg dine stigar!

lat meg få vandra

i di sanning,

lær meg, for du er Gud,

min frelsar!

Til deg set eg mi von.

Herre, kom i hug

di miskunn og din kjærleik

som er frå evig tid.

Lufta ut av ballongen

Det kan vere fleire årsaker til at noko ikkje lenger fungerer. Ein ballong kan sprekke, av ytre årsaker, eller av indre der lufta berre siv ut.

Eg veit kva eg snakkar om. Har opplevd det fleire gonger. Eit viktig stikkord i mange samanhangar er motivasjon.

Kva er det som motiverer oss? Kva er det som gjer at vi går inn for ei sak med styrke og engasjement? Idealisme kan vere ei viktig drivkraft, men dersom ein stendig opplever at  ein står åleine og kjenner på svak eller inga støtte, kan føre til at motivasjonen blir borte.

I desse dagar opplever vi det overskrifta seier. Det kan vere fleire grunnar til at det ikkje vert Austefjordhelg 2020. Dette arrangementet har vore positivt for bygda vår. Det har vore triveleg og miljøskapande. Styrke identiteten har nok vore ei viktig drivkraft. Gode fellesopplevingar er noko som styrkjer eit samfunn.Mest synleg har det nok vore ynskjet om at bygda skal få nye borgarar som vil styrke viktige institusjonar i Austefjordområdet.

Eg har tidlegare skrive litt om skulen. Kva skjer den dagen skulen er borte?

Vi har enno eit kyrkjebygg der det vert halde gudsteneste. Skulle den dagen kome at nesten ingen finn vegen til kyrkja for anna enn barnedåp eller gravferd, kan konsekvensen verte: ingen ordinære gudstenester.

Til slutt: Kva med 17. maifeiringa i bygda?

 

 

Ei bok du må lese

I dag gjer eg noko før første gong. Eg har aldri skrive ei bokmelding, men i dag gjer eg det, og på min måte.

Boka handlar om oppveksten til ei jente i staten Idaho, USA. Boka kom ut i 2018 og gjekk rett inn på bestseljarlistene. Så langt eg veit, er ho no omsett til 26 språk og utropt som ei av beste bøkene det året av Time Magazine og Vogue.

Dette er ei oppvekst- og utviklingssoge langt ut om det vanlege. Jenta veks opp i ei mormonar familie. Faren førebur seg på dommedag og sikrar seg for dei siste dagane med diverse matvarer og drivstoff. Borna i familien vert haldne heime og får ei viss undervisning, sjølvsagt innanfor strenge rammer, men alt dette er underordna det arbeidet som går føre seg i heimen.

Hovudperson og forteljar, Sara Westover, er nådelaus i si skildring av eige og familien sitt liv. Mykje av det som hender er hjarteskjerande, dramatisk og sterkt. Det gjeld ikkje minst psyken til fleire av familemedlemane. Ho undrar sjølv på om faren har ei bipolar liding, men det er også andre som har  vanskar i kjensleliv og veremåte.

Det er flerire svært dramatiske hendingar i boka. Det er ikkje tillate å søkje hjelp hos helsevesenet og mora syter for tillaginga av diverse naturmedisin som vert brukt. Tara greier etterkvart å bryte ut og først som 17 åring set ho føtene i eit klasserom.

Eg fekk boka av borna mine i bursdagsgåve no i januar. Boka heiter «Noe tapt og noe vunnet.» Lat meg også leggje til: Detter er ikkje ei skildring av gamle dagar. Tara vart fødd i 1986.

 

 

Tenner

Eg trur at dei fleste er opptekne av sine og andre sine tenner. Tennene kan vere eit tydeleg ytre karaktertrekk ved ein person. Av ulike årsaker har tennene plaga meg heilt frå eg var 7 år og hadde mitt første møte med den såkalla tannhelsetenesta. Den dagen var det ein massakre på tanngarden min. Etter at tannlegen hadde rive ut dei sju rotne tannstubbane, måtte eg kvile på ein divan.

Sidan hugsar eg ikkje meir om tenner før eg byrja å få hol i dei endelege tennene. I utgangspunktet var dei fine, men det vart inga perlerad. Etter kvart vart det mange og store fyllingar med amalgam. Det var inga sjølvsagd sak at eg skulle til tannlege etter at skulehelsetenesta ikkje lenger var tilgjengeleg. Eg måtte då finansiere stellet av eige tannsett. Det hadde vore artig å vite kor mange timar eg har site i ein tannlegestol og kor mykje pengar som har gått med. Det har også til tider vore minimalt med anestesi. No er det ikkje lenger noka kvide å gå til tannlegen.

I dag skal eg avstad å få ny krone på ei tann. Det ser eg fram til.