Nytt år

Sidan sist har det vorte eit nytt år. Juletreet er «avblomstra» og ute av huset saman med resten av pynten. Elles har eit nytt år med seg det meste av det som var i gamleåret. Vi dreg med oss hendingar, minner, problemstillingar.

I dag har eg passert ein alders minnepåle igjen. Det vart ei heilt anna feiring enn det eg har vore van med. Ingen gjestar utan oss to. Då er det godt at vi har telefon og internett. Vi har hatt eit par dagar med snøbyger som inneber rydding med snøfresar og spade.

Det vart ikkje meir i går. Skrivesperre! Etter snøveret vart det bikkjekaldt. I dag 13. januar er det tosifra minusgrader her på Folla. Har vorte lite gjort etter at eg pussa gardsplassen. Eg må ha gjort eitt eller anna for det er sårt ein stad i hoftepartiet. Får sjå om det vert betre til i morgon, men trur eg må vente med å kviste ferdig den grana som ligg oppe i skogbrynet.

Ser på dokumentar om Greta Thunberg,   den unge miljøaktivisten. Det er ei vekkjarrøyst, mest som profetane i Det gamle testamentet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.