Nok å tenkje på

18. des.

Det har vorte mykje å tenkje på i det siste. Vaknar kvar  natt og ligg vaken før eg endeleg sovnar ei stund før det er på tida å stå opp.

No er det vaske, pynte og bakefase i større grad enn før. Til no har det vore berre kos med juleførebuing, men no er det alvor før vi kan roe litt ned før klokkene ringjer  julaftan. Det er denne fasen eg har ottast, stressfasen . Det er så rart med det. Kva er det vi har gløymt? Juletreet for eksempel. Det står i skogen enno. Eg har funne fleire tre som kan passe, men får ikkje henta tre før måndag. Då vert det ekspedisjon med tre barnebarn som kjem søndag og skal vere med på moroa. Dei gled seg til skogsturen. No tvilar eg på om toåringen har så mykje glede av det, men det skal tidleg krøkjast så han vert nok med.

I går vart det eit hefte i juleførebuingane sidan vi reiste til kommunesenteret og var med på ein demonstrasjon framfor eit viktig møte. Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg: Kommunen vil sende elevane i bygda i ei anna himmelretning enn dei fleste foreldra vil. Då var hovudparolen «La bygda leve!». Det gjekk ikkje vegen og mange vart veldig skuffa. Sjølv er eg mest tilskodar no. Min innverknad er lik null.

I morgon vert det endå meir vasking, og julevask er ikkje noko vanleg reinhald. Då er det i mindre grad støvsuging og moppevask, men kryping på knea med vaskefilla,støvturking og pussing. Meterologane  fortel om stigande temperatur.  Høver bra det med tilstanden nett no, men over ti plussgrader rett før jula set inn er ikkje normalt.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.