Skogsarbeid

Det er ymse ein kan gjere ute i koronatida. Ein kan ta med motorsaga og felle ei gran eller fleire. No var det ikkje eg som fann på felle graner no i januar. Det var grannen som visste om at eg ynskte å få bort nokre rotvelta graner. Kanskje dei til og med kan vere salsvare? Det starta med det, men etterkvart  gjekk vi laus på store graner som framleis står loddrett. Dei er så store at får dei stå stort lenger, er det ingen som vil ha dei. Grannen er som eg, pensjonist, og han disponerer stor traktor og gravemaskin.

Det luktar godt av granbar og sagflis, men det er tungt arbeid å handtere ei motorsag, særleg når det kjem til kvistinga. Skogsarbeid er ikkje farefritt så ein må vere godt rusta med vernebukse og hjelm med høyrslevern og visir. Så er det å  lage ein felleskurd som gjere at grana fell i den retninga ein vil. Han Ivar brukar gjerne grabben på gravemaskin til å dytte treet i ynskt retning. Det kan og vere aktuelt å legge tau på grana og drage i rett retning med traktoren.

Då vi tok over denne garden, var her store graner som måtte fellast, ikkje minst fordi vi skulle bygge eige hus her og gjerne ville bygge av eigen skog. Det var mykje strevsamt fordi eg berre hadde ei motorsag og ei øks. For å få dei store granene tilå falle slik eg ville, brukte eg kilar. Det kunne vere spennande og eg var av og til litt redd, men det gjekk bra.  Verst var det at det kunne vere vanskeleg å starte saga. Kunne bli utsliten berre av å drage i startsnora.

Eg sagar altså ned granene fordi dei held på å bli for store. Det er berre utgifter for meg, men eg ser verdien av å hauste og rydde opp. Så eg let grannen få granene så kan han levere dei til slip eller sagtømmer. Alternativet er at dei rotnar på rot eller rotnar som rotvelte. Skulle eg leigd eit maskinfirma til arbeidet kunne det fort vorte eit minusrekneskap.

Det som elles er fint med eit slikt prosjekt, er samarbeidet med Ivar. Han er mykje røynd i mangt praktisk arbeid og vi trivst godt i lag.

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *