Berte Johanne

I dag kom eg over eit avisutklipp, eit minneord om ei av formødrene mine. Berte Johanne var i «gamle dagar» eit mykje brukt namn og det er mange av dei på slektstreet. For meg er det berre ei og ho vart nemnd som Berte Johane. Far fortalde ikkje mykje om slekta si, men han nemnde ein gong at farmora gjekk og nynna. Eg gjev att minneordet om henne. Det stod i lokalavisa Møre og det var underskrive med «T». Rettskrivinga er noko gammaldags, men hugs at det vart skrive i 1931.

«Eit minneord.»

Austefjordens eldste kvinne Berte Johanne Kallvatn

vart fredag 27de under stor deltaking førd til sin siste kvilestad på Austefjordens kyrkjegard.

Ho vart fødd i Sundal 1833 og vart soleis 98 år. I tvo og tjuge års alderen vart ho gift med enkjemann Harald Kallvatn som hadde 2 born. Med han fekk ho eit barn og vart kort etter enkje. Sidan vart ho gift med bror til fyrstemannen, Per Kallvatn. Dei fekk 4 kjekke born, og dertil tok ho til seg ei liti morlaus gjente, og vart mest likso god mot henne som mot sine eigne born.

Ho var ei av desse lettliva, kvikke, men strævsame kvinnor, som fann si glede i arbeidet og var fornøgd i det små. Ho sat ved rokken  sin og spann like til ho var 96 år.

Mange er dei som hev gjenge inn og ut i den gilde heimen hennar i Haraldegarden, og fenge nyta godt av hennar gjestmilde, og vorte uppkvikka av hennar gode humør og gløgge ord.

Etter ein lang og trufast arbeidsdag stunda ho no etter å få sleppa heim til honom som tek imot alle som av hjarta trur på han. No fekk ho flytte, høgt elska og sakna av alle som stod henne nær.

Signa vere minnet hennar!»

Oldemor Berte Johanne fekk ei stor etterslekt. Det står i minne ordet at ho vart 98 år. Det mangla nokre dagar på det sidan ho vart fødd 3. april i 1933 og døydde 21. mars i 1931.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.