.20. des.
Det har vore ymse teoriar om kva denne stjerna var. Vismennene frå Austerland hadde sett denne stjerna og kom til Jerusalem på den tida Jesus vart fødd. Desse mennene var nok stjernetydarar eller astrologar og dei såg gjerne teikn i stjernene. Den store lyssterke stjerna tydde på at det kunne vere ein konge som var fødd i Jødeland. Dei vende seg til slottet og konge Herodes vart straks interessert, men han var nok ikkje så kjend i profetiane, men det var skriftlærde som kunne fortelje kvar ein stor konge skulle bli fødd, nemleg i Betlehem i Judea.
Etterkvart har mange samla seg om at denne stjerna kunne vere ein såkalla konjunksjon mellom dei to største planetane i solsystemet, Jupiter og Saturn. Kvart 20. år er desse relativt nære i synsfeltet, og i år er dei så nære at det verkar som ei stjerne. Det er 400 år sidan dei var så nære. Eg har lese om at dei også var i ein liknande posisjon på den tida ein no reknar Kristi fødsel var, nemleg 7 år før vår tidsrekning. Det er i morgon, 21. desember kl.19.30 det skjer, men fenomenet er også synleg dei to neste dagane. Problemet no er at det er gråver så eg vil nok ikkje kunne sjå den store stjerna.
Det kan vere at den såkalla store konjunksjonen er identisk med Betlehemsstjerna. I morgon er det også solsnu! Er det også eit samantreff?