Juletrehenting

21. des.

Dette hadde familia sett fram til: Å feire jul på Sunndalsfolla. Dagen etter at dei kom, stod juletrehenting på programmet. Farfar og farmor hadde funne nokre bra tre på Kleivane. Det var ein heil ekspedisjon for å hente treet og dei fekk sjølve ta valet av tre. Slik skal det vere. Eg vonar borna vil hugse denne dagen. Dette er den kortaste dagen i året, og det var ein mørk morgon. Først i 10- tida var det lyst nok til å dra til skogs.

Det er ekstra kjekt for alle at familen kan feire jula på Sunndalsfolla. Det skulle dei gjere for eitt år sidan, men då vart storejenta sjuk att med den alvorlege diagnosen. Det har vore nedturar og oppturar, men no er ho frisk. Vi er alle svært takksame både til Gud og menneske.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.