Josef

19. des.

I dag skal det handle om Josef, mannen til Maria. Det var ikkje mange i Nasaret som visste korleis det heile hang saman. Utanom Maria og Josef visste nok Elisabeth det og kanskje Johannes Døyparen, sonen til Elisabeth.

Josef må ha vore ein ærleg og rettvis mann. Vi les om at han fekk englebesøk fleire gonger. Den første gongen var då han fekk vita om graviditeten til Maria som han var trulova med. Han tenkte å skilje seg frå Maria, men han gjorde ikkje det då han hadde fått englebesøket. Den neste gongen vi høyrer om englebesøk var då han vart beden om å flykte til Egypt. Så fekk Josef eit nytt englemøte då han vart beden om å ta med seg Maria og Jesus og reise til Israelslandet igjen, for no var Herodes død.

Den vesle familien busette seg i Nasaret. Jesus vart kalla son av ein tømmermann, og det er truleg at Jesus måtte vere med og hjelpe far sin med arbeidet. Vi veit at Jesus fekk brør og i allfall ei syster. Så kjenner vi til då Jesus var tolv år og følgde foreldra til påskehøgtida i Jerusalem. Der i tempelet kom han i diskusjon med dei skriftlærde, og dei vart storleg imponert over Jesus.  Denne hendinga peikar fram mot den gjerninga han skulle få, og det stadfestar kven han var då han sa:»Visste de ikkje at eg måtte vere i huset til far min?».

Etter den hendinga høyrer vi ikkje meir om Josef.

Eg har tenkt litt over Josef, og den viktige rolla han fekk. Han høyrer også med i juleevangeliet.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.