Gammaldags vinter

Slik som no var vinteren i gamle dagar. Det knirkar når ein går over tunet, det minner om det vi kan kalle gnallefrost. Eg bergar meg gjennom dagane med å fyre i omnen og gå med ull nærast kroppen. Det vart bråstopp i skogsdrifta.  Ivar oppi skogen sende ei tekstmelding ein dag: » Er du lysten på ei gran?» Han fekk ikkje svar same dagen. -10 er då ingen ting mot Sibir, og der vert dei ikkje stogga av nokre kuldegrader.

Det finst alternativ til utearbeid. Vi saug oss på Gamlehuset, kårbustaden som har vore feriehus sidan 1986, kvar einaste sommar. No vert det renovering. Vindauga skal skiftast, og i dag tinga vi glasa med levering nærare påske. Igår gjekk eg laus på det som vert kalla bestestova. Her vart tømmerveggane kledde med plater ein gong på 60-talet. No skal dei opphavlege veggane fram. Det er ikkje fritt for at det drys litt mottemjøl, men vona er at det ikkje er altfor gale. Middel mot mott, nei det får du ikkje kjøpt lenger, så kva skal ein gjere? Trøysta er at dei breie plankane er rein al for det meste. Motten går helst på geitveden. Kanskje legg eg ut eit bilete eller to når eg har fått avdekt meir av fordums herlegdom.

Arbeid er eit probat middel mot brakkesjuke. På fjernsynet snakkar dei mest om korona. Eg har stor sett slutta med å sjå på sportssendingar. Det er i grunnen bortkasta tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.