Minne frå Egyptens land

17. des.

Vi hugsar at etter at Jesusbarnet fekk besøk av vismennene få Austerland kom ein Herrens engel til Josef og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leite etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp , tok barnet  og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.»

For to år sidan var kona og eg på reise i Egypt. Det var ein tur med mange opplevingar. Her var det mange minnesmerke frå ei gammal historie. Vi fekk også høyre  soger om det som nett er sitert frå Matteusevangeliet. Vi kan kalle det legender, men vi veit at dette er forteljingar som har levd i munnleg tradisjon. På turen var vi på ein stad nær Nilen og sør for Kairo der det var ei vakker kyrkje som var bygd over ein stad der Josef, Maria og Jesusbarnet hadde budd ei tid under opphaldet i Egypt.  På biletet ser vi nedgangen til bustaden med ei dør. Dit ned kom vi ikkje. Guiden hadde god kunnskap om forteljingar knytt til Jesu opphald m.a. om under som hadde skjedd.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.