Follabloggen

Velkommen til min blogg

Folk eg minnest 8

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 9. januar , 2026

Vi går no frå Nilsgarden og vestover og er straks ved skulehuset på Kalvatn. Det ville no vere naturleg å mimre om den tida eg gjekk på barneskulen der, og vi skal kome tilbake til ei som var viktig her. No går vi vidare og er straks i Kalvatsvika, Dette er ein liten gard, og husa ligg eit lite stykke etter ein bratt bakke. Her budde Vika-Hjalmar og kona hans, Olga.

Han var ein røsleg kar og han køyrde stor motorsykkel med sidevogn. Hjalmar var landpostbod. Når han kom til grenda, så tok han i fløyta. Då var vi klare  til å hente posten. Folk skreiv meir brev den tida, og det var sjølvsagt også aviser. Skulle vi sende brev, måtte vi levere det til postmannen. Postkassene var ved mjølkerampen på Nøre. Eg meiner det var tre dagar i veka han kom med posten. Ein gong spurde mor kva tid han han skulle vere her med posten. «Klokka to er de`kje uredde,»svara han.

Hjlmar og Olga hadde fleire born. Den eldste var Anders, og han køyrde mjølkebilen. Då var det spannelevering, og det var meieri i Volda. Seinare køyrde han godsrute. Eg har eit minne om Anders. Ein gong bad han meg om å vere med han inn i Dalsfjorden. Det var le på vegane den tida, og eg skulle vere grindagut. Kona hans kom frå ein gard  i Dalsfjorden. Ho heitte Rut. Då køyrde han med lastebil.

Så var det Vika- Lars. Han køyrde buss. Å vere sjåfør den tida var ikkje spøk, Det var grusvegar og vinterstida var det ofte snøfonner  på vegen mellom Kalvatn og Volda. Eg opplevde tryggleik når det var Lars som køyrde. Inge var ein annan son som også var busssjåfør, men han budde ikkje på Kalvatn. Dottera, Else-Marie, var gift med Bø- Syver som var bror til Einar og Peder, som eg har fortalt om før. Den yngste i barneflokken var Jostein.

Eg hugsar også Vika-Johan. Han hadde køyrt bil med knott- generator  under krigen og blitt forgifta, slik at han var blålig i ein del av ansiktet. Han hadde ei lita hytte i Vikavågen,  men budde elles i Åøesund.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php