Lopradag

Eg er opplært til å vere i aktivitet. Du skal halde på med noke heile tida. Pausar er lov, men latskap og sladakestell er ikkje godteke. Er det ein dag du ikkje veit kva du skal gjere, så får du finne på noko. Gå ut på tunet og spark småsteina, få nevane ut av bukselommene… Fortsett å lese Lopradag

Uri Geller

Så dukka han sanneleg opp att, denne fyren som gjev seg ut for å gjere storverk med tankekraft. Er han ein sjarlatan, eller er det reelt at han ved hjelp av tankeenergi får skeier til å krulle seg og øydelagde klokker til å gå? Såg at han var på alternativmessa på Lillestrøm. Der løfta tre… Fortsett å lese Uri Geller

Døra

Det er søndag i dag, men eg tenkjer likevel på den døra eg streva med å setje inn i går. Det er ofte bra å ha nokon i lag med seg når ein skal gjere noko  viktig, og noko ein ikkje har gjort særleg mykje av før, som å setje inn ei ny dør.  Prøvde… Fortsett å lese Døra

Det glatte lag

Tid for litt språkprat igjen. Vi brukar mange faste uttrykk utan å vite kva dei tyder. Uttrykket» det glatte lag» skriv seg frå marinen i gamle dagar. Når ein fyrte av alle kanonene på babord eller styrbord side, gav ein det glatte lag. Ein fyrte av alt ein hadde mot noko eller nokon. Parallellen til… Fortsett å lese Det glatte lag

Musefella

Er det nokon som likar å ha mus i veggen? Finst der eit lite hol ein plass, kjem musa seg inn i huset. Når kulda set inn, prøver også dei små gnagarane å finne husly og mat. Det er mange historier om mus som kjem inn i hus. Eg hugsar fleire episodar, men i dag… Fortsett å lese Musefella

Keers pink

Keers pink er ein del av mi historie, mitt liv frå barnsbein av. Eg vaks opp på keers pink og noko attåt. No har eg ikkje gløymt Pimpernell og Beate, men keers pink er dronninga. Eg møtte deg om hausten i åkeren, var med og  sette knollar i jorda om våren, og fann deg nesten… Fortsett å lese Keers pink

Slakt

I dag vert det litt om språket vårt og spesielt det som vert brukt i media. Det er ein viss skilnad på språket i dei offisielle nyhendesendingane på radio og TV og avisene. I dei trykte media finn vi ein del sterke språkuttrykk som ikkje vert nytta i radio og TV. Eg tenkjer særleg på… Fortsett å lese Slakt

Gamle dagar

Er det lenge sidan gamle dagar? Umogleg å svare på. Kva som har vorte gamle dagar er vanskeleg å avgrense.  Det kjem også an på alderen på den som svarar. Kan vi seie at det som var før mi tid var  gamle dagar? Eg har gjort meg opp ei meining. Gamle dagar var i naturalhushaldet… Fortsett å lese Gamle dagar

Solspeil

Eg saknar sola. På klarversdagar ser vi no sola som berre gyller fjellsider og toppar. Då veit vi at ho ikkje er heilt borte, men vi vil ikkje sjå henne her på buplassen før 10.februar. Slik har det vore, slik er det, og slik vil det bli så lenge fjella står der. På Rjukan har… Fortsett å lese Solspeil

Sport på TV 14.11.2010

Eg har ei målsetjing om å rasjonalisere på kva eg vil sjå på TV. Filmar ser eg nesten ikkje så det vert mest nyheiter og litt underhaldning og sport. Sport kanskje inn under underhaldning. I dag var det både cupfinale og vintersport på skjermen. Trur eg vil fornye målsetjinga om å redusere tv-titting! Eg har… Fortsett å lese Sport på TV 14.11.2010

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.