Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein dag å feire

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - torsdag 7. april , 2011

I dag small siste salva på Kvivsvegen. No er de hol i fjellet mellom Sunnmøre og indre Nordfjord. Kvivsveggeneralen fekk æra av å fyre av denne symbolske smellen. Så var det feiring på røysa og etter det ein historisk busstur mellom Grodås og Kalvatn, tur/retur. Eg sit her på Folla og var ikkje med på dette, men eg gled meg. Ein meir enn 100-årig draum har gått i oppfylling! No ja, eg har ikkje drøymt så lenge, men eg synest nesten det heile er noko uverkeleg.

Så hadde eg ein nordfjording på huset i dag. Han var her og monterte varmepumpe. Det hadde eg ikkje tenkt for eitt år sidan. Kva vert det no med skogen som veks? Jau, eg held på og fyller ved inn i det gamle vedhuset. Det vil framleis verte fyrt i ovnen, men ikkje dagstøtt slik som sist vinter.

Det er torsdag og bading på Bjørke, eit høgdepunkt kvar veke. I kveld feirar eg med å symje. Bjørg kan diverre ikkje bade med den skadde handa så ho lyt vere badevakt. I morgon tek vi ekspressbussen til Oslo, og i helga skal vi feire Helena sin 10-årsdag på hytta i Hurdal. Det vert nokre dagar til neste blogg.

Folla- Andreas

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - tirsdag 5. april , 2011

Det har vorte mindre av at folk får namn etter staden der dei bur. Eg kan hugse at der eg vaks opp, var det heilt vanleg at alle fekk namn etter plassen eller garden. Faren min heitte Per. Garden heitte i daglegtale Pergarden og  difor heitte eg Per-Harald i heile oppveksten. Viss nokon prøver seg med det no, er det berre dei «gamle» som veit kven det var.

Folla-Andreas var bror til bestemor eller farmor. Han var ugift og dreiv garden her heilt fram til han døydde i 1955. To av systrene til far, Magna og Marta, kom hit etterkvart og dei stelte for han, hjelpte han med gardsdrifta og tok over garden etter han. Men her var endå meir folk ei tid, for bestemor hadde ei syster som også kom hit saman med sin mann. Thea døydde like etter krigen, men Per vart verande her til han døydde i 1960. Per hadde vore to vender i Amerika, og då eg kom hit som dreng, fekk eg høyre mange engelske gloser av den særs velorienterte Skinvik-Per.

Eg veit  lite om Andreas, og eg kan ikkje hugse at eg snakka med han. Faren til Andreas, Martinus, var blind i mange år og sat mykje i ein stol. Han vart fleire og nitti år. Det måtte vere særs strevsamt for Andreas å måtte stelle for faren sin. Mora til besta døydde tidleg.

Andreas var kjend for å arbeide litt upraktisk, han tok tunge tak. Det vart også banen hans. I 1955 skulle han bere den tunge markplogen eit stykke, i staden for å spenne for merra og drage han til gards. Då fekk han slag og døydde straks etter. Eg har eit bilete der Andreas er med. Det vart teke 17. mai 1955. Der er foreldra mine og syskena mine også.

Så lenge han levde, hadde Andreas kornåker og dyrka havre. Under krigen mol han korn på gardskverna, og han  sa ofte at det var viktig å dyrke korn for vart det ufredstid kunne det bli vanskeleg med mat. Han  var også flink med frukttre og dyrka eple. Fantegutane i nabolaget tykte det var moro å gå på epleslang her på Folla. Det vert fortalt at Andreas låg på lur og passa på.

Andreas hadde også hund eller garabikkje. Eg kan ikkje hugse det, men hunden var visst ein god følgjesvein.

På sætra som høyrer til garden, trur eg at Andreas likte seg. No er dei fleste sela borte. Dei vart tekne av ras på slutten av 1980-talet. Nedanfor stølshusa, ved elva er der ein grankrull. Desse granene veks forferdeleg seint. Det skal vere Andreas som planta dei. Det var han som planta så mykje gran på innmarka her også. Husa på garden var skjult av store grantre då kona og eg tok over bruket i 1972. Han brukte å seie at han «plantra».  På grunn av trea,  var det svært rått i tunet og det var  dårleg for tak og hus. Stabburet kan eg hugse fall i røys i 1958.Andreas hadde aldri råd til å bruke gran til juletre, han brukte eine.

Med dynamitt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 5. april , 2011

I fjor på denne tida stod der ei diger gran vel hundre meter frå huset. Der hadde ho stått i over hundre år. No er ho borte og heller ikkje stuven er å sjå. Ho stod ved enden av ein open bekk som enda i eit underjordisk rør. Sist haust kom han som slår hos, oss og lurte på om vi ikkje skulle fjerne dette treet og setje att den opne grøfta. Han hadde gått og ergra seg i fleire år! Jau, eg var no samd i det for det var mest ikkje noko att av fascinasjonen rundt  dette treet som borna våre hadde leika under og hatt til hus. Treet såg ikkje ut lenger, rufsete og digert. Nostalgien var borte.

Men korleis skal ein få has på eit så digert tre med ei lita motorsag. Jau, det lèt seg sjølvsagt gjere med å lage digre hakk, men kva med dynamitt. Så gjekk han Ivar i gong. Han bora fire hol og fylte i to gubbar i kvart. Det small, men grana stod like godt, rista berre på seg litt. Ho hadde klovna nedst på stomnen så han måtte til med meir dynamitt, to hol og fire gubbar. Heller ikkje no ville ho i koll. Då måtte motorsaga til før ho låg der så lang ho var. Ho var ikkje så vid nede som det treet vi køyrde igjennom borte i Redwoodskogen, men jammen var ho så grov at vi måtte køyre fleire meter av nedste stomnen på fyllinga. Du får ikkje levert grovare stokkar enn 70 cm i tverrmål her til lands, ikkje til slip ein gong.

Buskapen er på plass

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 3. april , 2011

Vi har dyr på garden, utegåande dyr. No er dei her igjen for fullt, Det ser ut til at ungdyra har berga seg gjennom ein hard vinter.  Hjorten er dessverre eit skadedyr som vi prøver å redusere talet på. Kva haust vert det jakta på hjorten, og vi har hjortekjøt i frysaren.

Hjorten likar godt knoppane på frukttrea. Vi har eit epletre som han stendig syter for å bite greiner av.  Det er heilt vanskapt. Han likar også grønsaker og jordbæråker. No finn han berre gras og groe her og det er ikkje vi som slår markane.

Saurebesta

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 2. april , 2011

Eg har skrive litt om henne eg vil kalle Follabesta. Det var ho som gav meg den første tittelen. I dag er det den andre bestemora, mormora. Det er nok via henne eg har fått dei litterære og språklege interessene. Ho var frå Flo i Stryn, bygda med alle frukttea og fotballtalenta. Saurebesta var svært glad i å lese. Når ho var på besøk heime, så las ho det ho kom over, også (barne)bøkene mine. Eg hugsar at ho var så flink med å snurre tommeltottar når ho sat med falda hender. Ho var ganske rund i formene og ikkje så stor. Den andre bestemora mi var tynn.

Då eg var omlag elleve år, fekk eg ei tjukk bok av henne. Det var ei gammal bok, trykt i året 1900. Eg kallar boka Snorre, men ho heiter visst Heimskringla. Som 4. klassing las eg ut Snorre. Språket er noko gamalvore. Eg las også skaldedikta. Eg visste ikkje då at onkelen hennar hadde omsett dei norrøne dikta til nynorsk. Han er oså nemnd i eit føreord, Rasmus Flo. I dag veit eg at det er reist ein bautastein for denne mannen i Flobygda. Rasmus Flo var filolog og var visstnok den einaste som fekk lov til å rette på språket til Arne Garborg. Folket i bygda der kalla han Bokrasmus. No snakkar eg meg bort fra besta, eller Saursgommer.

Saurebesta heitte Gyrid og det er eit namn som er sjeldan i dag. Ho vart fødd i 1873. Eg synest også at det er spesielt at ho ein vinter gjekk på Johannes Bruun sin folkehøgskule i Gausdal. Det var tungvint å reise Strynefjellet den gongen og ho måtte vere borte frå heimen heile tida, kom ikkje heim til jul ein gong. Ho utdanna seg i meierifaget og vart meierske som det heiter og kom då til Sunnmøre, og vart etter kvart kjend med han som vart mannen hennar, Bernt Jørgenson Saure.

Eg vil lyse fred over minna til  bestemødrene  mine.

 

Vårteikn IV

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 2. april , 2011

«Han vart milde», sa dei før når mildveret sette inn. Ute på veggen viser målaren 10 pluss og eg kjenner at våren held på å sige inn i huset også. Trur ikkje eg bryr meg med å fyre opp i ovnen i dag. Ute held snøen på og reiser av markane, men det er ei ishelle mange stader som ikkje fer bort så snart. Hjorten kjem no i mindre flokkar og leitar etter grøne spirar.

Det er elles dagen etter narredagen. I går hadde   eg med ei episode i bloggen min som var litt feil. Han som vart skulda for å ha narra elevane med fotvorteinspeksjon, fekk urettvist æra for spøken. Nei, det var rådgjevaren som stod for den skrøna! Derimot fortel gamlegamlerektoren meg om ei anna narring han stod bak, men det er ikkje tema i dag.

No skal eg snart i veg og hente kona mi som måtte operere den skadde handa. Vonar sola kan titte fram snart sjølv om det kanskje ikkje er så bra for markane ( isbrann). Noko av det kjekke med våren er å drikke kaffi ute og høyre på fuglesongen.

April!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 1. april , 2011

I dag er det nøyaktig 44 år sidan eg vart narra av postdama i Valldal – Du må vere med opp og sjå den rare fisken Per fekk i dag! Ja, eg, tosken, hugsa ikkje kva dag det var og blei med opp trappene til husværet. «April!» ropte Sigrid.

Høyrer på radioen i dag at Jan Einarsen, fiskeeksperten på lokalradioen, har vorte narra til å dra ut for å sjå på ein spekkhoggar som hadde rent seg på land. Ja, ja, aprilsnarr er livets krydder.

Eg minnest elles då han som var den første rektoren på den lokale skulen, annonserte at helsesøstera ville kome på ein fotvorteinspeksjon på skulen. Fotvorteepidemiar i symjehallar var ganske vanlege, i alle fall før.

Elevane på ungdomssteget stilte plikttru opp utanfor skuleinngangen til oppsett tid. Då kom rektor ut døra  og glisande forkynte: April!

Aprilsnarr må vere uskuldige. Det må ikkje få konsekvensar som ikkje er tilsikta. Liv og helse må ikkje vere i fare.

 

 

Vemod

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 31. mars , 2011

Deyr fé,
deyja frændr,
deyr sjalfr it sama,
en orðstírr
deyr aldregi,
hveim er sér góðan getr.

Deyr fé,
deyja frændr,
deyr sjalfr it sama,
ek veit einn,
at aldrei deyr:
dómr um dauðan hvern

I dag høver det å sitere Hàvamàl. Det var den dagen då Johannes Sundalsfoll vart førd til siste kvilestaden.

På minnestunda etter gravferda var det fleire som mintest mannen. For meg  og kona var det siste farvel med den næraste grannen. Huset hans har stått tomt i 11år, men mannen har budd på institusjon etter at han ikkje kunne vere heime lengre. Det var både det eine og det andre med kroppen som svikta.

Det er mangt å minnast og slett ikkje alt kjem fram på eit slikt minnesamvær. Kvar med seg hugsar ein ting som ikkje vert bore fram. Det kan vere episodar ein ikkje vågar å ta fram, men så vert dei utveksla likevel så lenge nokon hugsar, i meir uformelle situasjonar.

Eg brukar ordet vemod i dag. Sorg er eit for sterkt uttrykk. Sorga er ei djup kjensle etter eit stort tap. Ei sorg varer heile livet når det gjeld eit menneske som stod ein nær. Vemod er  meir ein tilstand av sakn, noko trist som ikkje ligg så djupt i sinnet som ei sorg. Men vemodet ber med seg minner.

 

Det kan gå troll i ord

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 30. mars , 2011

Det er ingen som likar å få slengt etter seg: Kva var det eg sa! Ja, kva var det eg sa for eit par dagar sidan? Høyrer eg difor til dei små profetar når det går så gale som det gjekk i dag, og eg hadde skrive om at det gjerne skjer noko gale før ein veit ordet av det.

-Vil du vere med og gå ein tur i fineveret, spurde kona. Nei, no er eg nøydd til måle ferdig dette rommet. Tek eg ein pause no, får eg problem med reiskapen. Eg skulle sjølvsagt blitt med på den turen. Det var truleg ikkje noka hjelp i at eg sa at ho måtte vere varsam. Ho sa ja, og tok også med mobilen.

Då eg var ferdig å måle, ringde telefonen. Det ho sa var ikkje til å misforstå. Noko hadde hendt. -Har du dotte, spurde eg. Det stod ikkje til å nekte at ho hadde hatt eit katastofalt fall. Eg måtte ut med bilen og det var ikkje lange vegen før eg fann henne. Ho var på heimveg og hadde trakka ein stad der det var is.

Det barst til legekontoret. Der var det sjølvsagt kø, og eg måtte purre på for dette tok si tid. No vart det fart på sakene for pasienten hadde skikkeleg vondt og heldt på å uvite. Det vart til at ambulanse vart rekvirert og vegen gjekk til røntgenavdelinga på sjukehuset. Stygt handleddsbrot. Det vart gipsing, men det er fare for at det kan bli operasjon.

 

Dasshuspassar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 29. mars , 2011

Farmor, eller besta som vi sa,  hadde truleg ein god porsjon humoristisk sans. Ho hadde levd eit strevsamt liv og hadde sett til verda seks døtre og ein son. Eg hugsar henne som gammal, sliten og skrøpeleg. Det er tre minne om henne som står klart for meg og eitt av dei tek eg fram her.

På garden der eg vaks opp, gjekk bygdevegen mellom bustadhuset og løa. Nedanfor løa var det eit tilbygg og i ein del av tilbygget var det eit utedo. Eg ser enno dette doet føre meg i minnet. På eine sida framfor dobenken stakk det fram ein firkanta stein. Der brukte eg å sitje når eg fylgde bestemor på do. Ein dag gav ho meg den første tittelen eg har hatt: Dasshuspassar.

Eg veit ikkje om eg skal vere kry av tittelen. Trur ho var glad i barnebarnet sitt så ho meinte det sikkert vel. Kanskje var denne tittelen like bra som dei eg hadde sidan. Dei som kan latin, veit kanskje kva ordet rektor tyder.

Det var ein trist dag då bestemor flytta tilbake til barndomsheimen sin. Ho hadde to døtre som budde der. Då var det ikkje meir bruk for meg som dasshuspassar.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.