Follabloggen

Velkommen til min blogg

Eit kveld

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 28. april , 2011

Trudde vedkomande snakka tull eller var overtrøytt då ho sa:» Det var et kveld…..» Det er mange år sidan no, men eg har også høyrt det av eldre folk seinare. No veit eg at ordet var inkjekjønn i gammalnorsk!

I dag kom eg på eit anna uttrykk. Det er rart med det når ein driv på med eit arbeid ute og går og tullar, kan det dukke opp ordformer som ikkje vert nytta meir. Eg kan hugse at eit fang gjerne vart uttala/ fong/. Når ein tok opp i fanget ei mengd gras eller høy så kunne det verte nemnt som eit /fongann/. I dag ville vi seie eit fang med gras. No er det sjeldan nokon tek opp i fanget gras eller høy. Maskinene gjer det meste.

Det eg kallar dialekta mi, har endra seg mykje på 50 – 60 år. Når eg snakkar, er det ofte etterkomarane mine ser rart på meg når eg kjem med eit uttrykk dei aldri meiner å ha høyrt. Eg likar å «overraske» Egil svigerson med eit gammalt dialektord kvar gong han er på besøk. Reaksjonen er alltid som venta: «Der kom det!» Altså ordet han ikkje har føresetnad for å forstå.

 

Berre ei græle

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 26. april , 2011

Er du så heldig at du bur ved sjøen eller ved ein stor eller liten innsjø, kan du sjå græler. Græler er som små rukker på ein duk, men i motsetning til rukkene så fer grælene bortover vatnet. Græler er småbårer, koselege bylgjer. Dei fortel at det er ein liten vind som stryk over og lagar desse bårene.

Sunnmøringane er som folket som budde her for 1000 år sidan, dei kan dette med understatement, eller underdriving på norsk. Ola kom frå sjøen då han møtte grannen.» Har du vore ute på sjøen  i den fæle vinden? «Å». sa Ola, «Det va no berre ei lita græle!»

Eg kom på dette ordet i dag då eg hadde meg ein liten pause utanfor huset og sat såg bortpå dammen i hagen. Det bles litt, men der var inga græle. Dammen er nok for liten til at der vert anne enn litt rørsle i overflata. Av og til saknar eg å sjå eit vatn slik eg gjerde det i oppveksten. Det er verre for kona for ho saknar fjorden. Der var det ofte meir enn græler!

At far min kunne gjera

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 21. april , 2011

Overskrifta er sitat av ein song dikta av A.O. Vinje. Eg trur at han der er mest oppteken av kva forfedrane hans har gjort «av gjevt og stort»,  som det står i diktet.

No har eg ikkje tenkt å skrive om alt det faren min gjorde.  Det er likevel ei sanning at eg framleis har mykje av det han gjorde, friskt i minnet,  sjølv om han gjekk bort for meir enn tretti år sidan.

I Busetnadssoga står det kort at han var smed. Eg lærte aldri noko av han i smia.  Det var forresten ikkje lenger så aktuelt å lage ljå heime på garden då eg vaks opp,  men eg var imponert over det han gjorde når han  kvesste ei hakke eller minebor. Då hende det at eg fekk lov til å dra i belgen som skaffa luft til essa. Han gjorde fleire ting som eg aldri kom til å lære,  som å rette eit sirkelsagblad som trong å bli retta opp så det gjekk beint i stokken. Det imponerte meg at han med å lage nokre krittstrekar og banka på sagbladet kunne får det tilbake til si rette stilling.  Mest imponert vart eg av det han kunne gjere med eit fruktre. Han visste korleis han skulle skjere det, men han kunne også pode eit tre slik at det vart fleire fruktsortar på same treet!

Han brukte også dynamitt. Det var før det vart så strengt. Eg visste kvar han gøymde dynamitten, men eg snoka aldri der. Eg hadde i det heile stor respekt for han. Kan hugse at han ropte «Varsku her!» og «Fyr vere her!» Han sprang då han gjorde det, og det small. Det hende at eg var med og heldt mineboren,  og var eg litt vinglete når eg heldt boret og snudde det i holet, kunne eg få feiselen ned over hendene. Eg fekk også prøve å slå på boret. Han hadde aldri kompressor eller bensindriven boremaskin.

Eg, jyplingen,  var ikkje moden nok til å ha interesse for alt det han kunne ha lært meg. Han var i det heile ein praktisk mann. Sjølv om vi kunne vere nokså ulike når det gjaldt interesser,  gav han meg gode haldningar til ein ballast i livet. Eg minnest han i takksemd.

 

Påskeliljer

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 20. april , 2011

Planta heiter på latin Narcissus Pseudonarcissus og er giftig. Dette lærte eg i dag! Eg har sett bakkar gule av påskeliljer. Vi har ein bakke der det har vorte spreidd løkar av påskeliljer. Det er eit vakkart syn mot ein bakgrunn av mørk skog, og bjørketre som enno ikkje har fått lauv. Slik er det når vi har sein påske, då får vi sjå desse liljene i blomst. Elles har dei påskeliljer å selje på forretningane, men det er ikkje naudsynt hos oss sidan dei veks vilt.

God påske til alle!

Svik

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 19. april , 2011

I påskedramaet er det to sterke forteljingar om svik. Både Peter og Judas sveik Herren. Peter hadde banna på at han aldri skulle kome til å svike Meisteren. Jesus sette han på plass og fortalde han at før hanen gol skulle han fornekte han tre gonger. Judas Iskariot sitt svik var at han fekk overgjeve han til jødane og romarane. Jesus hadde indirekte åtvara Judas, men visste at dette berre måtte skje.

Kvifor vart det så ulike utgangar for dei to svikarane? Då Judas såg at Jesus verkeleg gjekk mot ein forsmedeleg død, angra han. Då såg han ikkje meir von og tok livet sitt. Det var eit planlagt svik. I Oberammergauspelet ser vi at Judas rettar fortvilinga mot seg sjølv. Det er ei grenselaus fortviling som endar i sjølvforakt og tap av all von om tilgjeving.

Peter hadde ikkje planlagt å svike sin herre og meister. Det var menneskenaturen som svikta, ein menneskenatur som ikkje hadde kraft til å stå i mot presset. Han ville eigentleg heller ikkje svikte og då hanen gol, visste han kva han hadde gjort og angra. Det vart ei forferdeleg tid for Peter fram til møtet med den oppstadne ved Galileasjøen.

To svikarar, to utgangar.

 

Pontius Pilatus

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 18. april , 2011

«Pint under Pontius Pilatus». Slik lyder det i truvedkjenninga. Mange har spekulert ein del over denne Pontius, kven var han eigentleg? Han var romar, han var soldat og eit menneske som eg og du. Eit menneske som stilte spørsmål: Kva er sanning? Eit menneske med veikskapar som menneskefrykt, ærekjensle, makt-og avmaktkjensle.

I Pasjonsspelet i Oberammergaqu 2010 var han først og fremst ein rå soldat. Han var feig, redd for å misse makta si. Kva ville keisaren seie dersom han gav Jesus frå Nasaret fri? Men samstundes viste han forakt for dei leiande jødane. INRI stod det å lese over hovudet på den tornekrona. Kongen over jødane! Kva meinte Pilatus med det?

Pontius Pilatus, pinaren, her eit andlet, eit menneskeandlet som mitt og ditt. Var han ein reiskap, ein naudsynt person i dette dramaet? Så lenge morgon renn og sol går ned vil Pontius Pilatus bli hugsa, nemnd og  grubla over.

Palmesøndag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 17. april , 2011

Har høyrt nemnt palmelaurdag. Det var i går det då. Nei, det er umogleg, inga vifting med palmegreiner den dagen.  Det var palmesøndag det skjedde det ingen i Jerusalem hadde tenkt seg på førehand, men då det hende var det mange som visste kva det tydde, ein profeti hadde fått si oppfylling. Meisteren sjølv sat på eselfolen og sa ingenting, men tok i mot hyllingsingsropa frå dei mange.

Etter å ha vore i Oberammergau og sett Pasjonsspelet, er hendingane i påska tydelegare for mitt indre auge. Der var borna med i stort tal. Slik trur eg det var i Jerusalem sine gater denne dagen. Eg tenkjer meg at det var ein fin dag med sol, og ikkje slik som veret er her i dag, regn og vind.

Palmesøndagsinntoget kom etter salvinga i Betania dagen før, palmelaurdag om du vil. Han vart salva av Maria, syster til Lasarus , som han hadde vekt opp frå dei døde.  Kongen vart salvevigd av ei kvinne! Visste ho kva som skulle skje få dagar etter? Læresveinane hadde ikkje i alle fall ikkje forstått det enno. Det var meir drama som venta.

Går den vegen høna sparkar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 16. april , 2011

Det går galne vegen. Eg tenkjer på bygdene rundt her. Tenkjer på at færre born vert fødde. Skular vert lagde ned og elevane som er att i grendene, må inn til sentra. Den negative utviklinga har skote fart siste åra. Ungdomen reiser, dei halvgamle og gamle vert att. Etterkvart må dei som ikkje kan stelle seg sjølv, også inn til eit senter. Kva vert att på bygda? Det er snart ingen som driv gardsbruket dei sit på. Større driftseiningar er naudsynt for dei som skal leve av jordbruk. Dei arbeidsføre som ikkje lever av jordbruk og som framleis bur på bygda, må reise kortare eller  lengre vegar for å kome seg på eit arbeid.

Tenk positivt, seier du. Ver kreativ! Skap arbeidsplassar utanom sentra! Javel, men vil folk eigentleg bu annan stad enn i tettstader og bynære område. Byen kan vere bra han med alle sine tilbod, men er det då slik at bygda berre skal vere eit rekreasjonsområde for folk som periodevis må ha ro og fred?

Det går altså fillevegen med bygdenoreg rundt forbi. No vonar folk i bygdene her at den nye vegen er løysinga. Kanskje. Reisetidene til sentra vert kortare. Det kan gjere at folk kanskje vel å slå seg til her og kome snøggare dit det er arbeid å få, men det kan også vere at folk berre fer framom, ser at her er fint når sola skin og mindre bra når skodda heng ned i tretoppane.

Du trur kanskje eg har hatt ein vond dag med negative opplevingar så langt. Tvertimot, eg har fått gjort ein heil del og har lyst å gjere  endå meir før eg set meg ned framfor fjernsynet. Men det var dette eg ville lufte berre, få det ut. Forresten snakka eg med ein bonde i går. Han er enno ikkje pensjonist, men ser at kanskje ingen vil ta over mønsterbruket hans. Eg kunne ha snakka med fleire bønder, bønder som passerte aldersgrensa for fleire år sidan. Nei, det er ikkje så mange av dei her, men det sleng ein og annan som vonar og vonar.

 

Klosterklokker

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - fredag 15. april , 2011

Klosterklokker(Leucojum vernum) er ei fleirårig plante av narsissfamilien. Planta vert gjerne forveksla med snøklokka.

Det er visst ikkje så lett å få tak i løkar til klosterklokkene. Kvar vi har fått dei frå? Trur dei har «fylgt garden», som det

heiter.

Opphavleg vaks klosterklokkene i lauvskogane i Sør-Europa og Vesle- Asia. Dei vil ha fuktig humusrik jord og gjerne kompostert husdyrgjødsel. Det siste har vi ikkje, men kanskje skvett det frå gjødselspreiaren på veksestaden.

Eit kvile

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 14. april , 2011

Du las rett, det er eit inkjekjønnsord. Vi fann og framleis finn desse kvileplassane ved setreråsene. Setrevegane kunne vere lange og tunge for dei som skulle vere budeier på setrane. Då var det godt at det fanst plassar der ein kunne setje seg ned på ein flat stein, gjerne også med eit ryggstø av stein. Då kunne ein også få lette den børa som hang over skuldrane.

Var det lang veg til setra, kunne det vere fleire slike kvileplassar og kvar gard hadde sin plass.  Kvileplassen heitte eit kvile og desse kvila vart gjerne nemnt som første andre eller tredje kvilet. Eg hugsar frå min barndom at vi snakka om nedste og øvste kvilet. Kva vi kalla det i midten, hugsar eg ikkje. Ved setreråsa til den garden eg no bur på, er det berre eitt kvile og det er når det nærmar seg der lendet flatar ut inn mot setra.

Kva gong eg fer framom på setreveg, ser eg på kvilet. Det er sjeldan eller aldri eg set meg ned, men eg hugsar i vørdnad på dei som streva seg fram på stien og trong å puste på ei rid.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.