No livnar det i lundar…

I går var det marimesse, men våren lèt vente på seg. Likevel spelte Austefjord hornmusikk «No livnar det i lundar» på festen om kvelden. Det var få som song attåt, men eg kjende at det var eit sterkt sug i heile salen: No lyt våren kome! Vi får rope på han: «Du vår med ljose… Fortsett å lese No livnar det i lundar…

Ei slysne

Ei slysne er eit uhell der det er ein gjerningsperson som truleg i dei fleste tilfelle kan lastast. Eg har gjort mange slysner, og den eg gjorde i dag vert nok ikkje den siste. I dag har  det vore tette snøbyger og vind frå vest. Tenkte  at det kunne vere greitt å få undan snøen… Fortsett å lese Ei slysne

Null hol?

Anten finn tannlegane mange hol eller så finn dei ikkje hol, sjølv om der er hol! Det kan også vere tilfeldig kvar tannlegen borar, der det er hol, eller der det ikkje er hol! Dette var ei av dei store innanlandske mediasakene i dag. Kva skal ein tru? Eg er heilt roleg for eg veit… Fortsett å lese Null hol?

Bjørnejakt

Bjørnen er eit stort – og kan også vere eit farleg dyr. Før 1900 var det ikkje uvanleg med bjørn i skogane og oppe i fjelldalane her på Sunnmøre. Eg har høyrt mange bjørnehistorier. Det var alltid nokon som var særleg modig og skulle ut på bjørnejakt, anten åleine eller saman med nokon. Eg har… Fortsett å lese Bjørnejakt

Det rasar

Når folk er forarga og gjev uttrykk for det, skriv avisene at dei rasar. I desse dagar er det i fjella det rasar. I går var det alvorleg kor det braka då Midtskreda og Bjørnaskreda tok laus. Seinare på kvelden var det store steinar som tok laust i Hjartåberget. På si ville ferd nedover tok… Fortsett å lese Det rasar

Kan ikkje plitte seg

Brått dukkar det opp eit nytt ord eller uttrykk ein har høyrt. Det er ofte vanskeleg å forklare slike dialektfraser, men ein veit som regel å bruke dei rett. Glosa i dag vart brukt i kvardagslaget når det hende noko uventa. Han vart vel litt  overraska han som var ute og køyrde med hest og… Fortsett å lese Kan ikkje plitte seg

Vårjamdøger

Det er noko vonfullt i det, det er ei varsling av vår. Dag og natt er like lange og i morgon er dagen lengre enn den natta ssom følgjer på. I dag er det også litt regn i lufta. Skal vi våge å kalle det vårregn? Tilbakeslag kjem det, snøfiller og bitande sno, men vona… Fortsett å lese Vårjamdøger

Månetankar

Det er fullmåne i dag. Ein ekstra fullmåne, king size om du vil, Månen som går i ei elliptisk bane i høve til jorda er no nesten så nær jorda som han kan bli. Då får vi vone på klarver i kveld så kanskje vi ser noko vi aldri har sett før, på månen. Eg… Fortsett å lese Månetankar

Brunosten er redda

Dette var gladmeldinga   på lokalradioen her  i gårmorgon. No visste ikkje eg at dette særnorske skivepålegget var i fare og, det hadde det sjølvsagt aldri vore. Det som hadde vore i fare var brunostproduksjonen ved Ørstameieriet. Godt at ikkje Ørsta misser endå fleire arbeidsplassar i desse tider. Brunosten er fast på frukostbordet her i  huset… Fortsett å lese Brunosten er redda

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.