Vårteikn IV
«Han vart milde», sa dei før når mildveret sette inn. Ute på veggen viser målaren 10 pluss og eg kjenner at våren held på å sige inn i huset også. Trur ikkje eg bryr meg med å fyre opp i ovnen i dag. Ute held snøen på og reiser av markane, men det er ei ishelle mange stader som ikkje fer bort så snart. Hjorten kjem no i mindre flokkar og leitar etter grøne spirar.
Det er elles dagen etter narredagen. I går hadde eg med ei episode i bloggen min som var litt feil. Han som vart skulda for å ha narra elevane med fotvorteinspeksjon, fekk urettvist æra for spøken. Nei, det var rådgjevaren som stod for den skrøna! Derimot fortel gamlegamlerektoren meg om ei anna narring han stod bak, men det er ikkje tema i dag.
No skal eg snart i veg og hente kona mi som måtte operere den skadde handa. Vonar sola kan titte fram snart sjølv om det kanskje ikkje er så bra for markane ( isbrann). Noko av det kjekke med våren er å drikke kaffi ute og høyre på fuglesongen.