Buskapen er på plass
Vi har dyr på garden, utegåande dyr. No er dei her igjen for fullt, Det ser ut til at ungdyra har berga seg gjennom ein hard vinter. Hjorten er dessverre eit skadedyr som vi prøver å redusere talet på. Kva haust vert det jakta på hjorten, og vi har hjortekjøt i frysaren.
Hjorten likar godt knoppane på frukttrea. Vi har eit epletre som han stendig syter for å bite greiner av. Det er heilt vanskapt. Han likar også grønsaker og jordbæråker. No finn han berre gras og groe her og det er ikkje vi som slår markane.