Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kategori: Ukategorisert

Nytt frå buplassen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 20. august , 2021

Sunndalsfolla ligg i Sunndalen som er ei grend i Austefjorden. Garden ligg på vestsida av denne grenda og i bakgrunnen ser vi mot fjorden. På det neste biletet ser vi tunet på bruk 1 til venstre. Der bur kona og eg. For dei som kjenner oss, er ikkje dette noko nytt. Lat no dette vere […]

Snart Mars

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 19. februar , 2021

Ja, det nærmar seg mars, første vårmånaden. Eg er av dei som har fått nok av vinter og kulde, og difor er dagane med raude temperaturar velgjerande. Siste dagane har eg ikkje sett fuglar i hagen. Har dei frose i hel? Mars, ja? Er det dit vi skal? Såg på marslandinga og var like imponert […]

Gammaldags vinter

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 2. februar , 2021

Slik som no var vinteren i gamle dagar. Det knirkar når ein går over tunet, det minner om det vi kan kalle gnallefrost. Eg bergar meg gjennom dagane med å fyre i omnen og gå med ull nærast kroppen. Det vart bråstopp i skogsdrifta.  Ivar oppi skogen sende ei tekstmelding ein dag: » Er du […]

Skogsarbeid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 22. januar , 2021

Det er ymse ein kan gjere ute i koronatida. Ein kan ta med motorsaga og felle ei gran eller fleire. No var det ikkje eg som fann på felle graner no i januar. Det var grannen som visste om at eg ynskte å få bort nokre rotvelta graner. Kanskje dei til og med kan vere […]

Berte Johanne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 16. januar , 2021

I dag kom eg over eit avisutklipp, eit minneord om ei av formødrene mine. Berte Johanne var i «gamle dagar» eit mykje brukt namn og det er mange av dei på slektstreet. For meg er det berre ei og ho vart nemnd som Berte Johane. Far fortalde ikkje mykje om slekta si, men han nemnde […]

Nytt år

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 13. januar , 2021

Sidan sist har det vorte eit nytt år. Juletreet er «avblomstra» og ute av huset saman med resten av pynten. Elles har eit nytt år med seg det meste av det som var i gamleåret. Vi dreg med oss hendingar, minner, problemstillingar. I dag har eg passert ein alders minnepåle igjen. Det vart ei heilt […]

Juletrehenting

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 21. desember , 2020

21. des. Dette hadde familia sett fram til: Å feire jul på Sunndalsfolla. Dagen etter at dei kom, stod juletrehenting på programmet. Farfar og farmor hadde funne nokre bra tre på Kleivane. Det var ein heil ekspedisjon for å hente treet og dei fekk sjølve ta valet av tre. Slik skal det vere. Eg vonar […]

Betlehemsstjerna

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 20. desember , 2020

.20. des. Det har vore ymse teoriar om kva denne stjerna var. Vismennene frå Austerland hadde sett denne stjerna og kom til Jerusalem på den tida Jesus vart fødd. Desse mennene var nok stjernetydarar eller astrologar og dei såg gjerne teikn i stjernene. Den store lyssterke stjerna tydde på at det kunne vere ein konge […]

Josef

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 19. desember , 2020

19. des. I dag skal det handle om Josef, mannen til Maria. Det var ikkje mange i Nasaret som visste korleis det heile hang saman. Utanom Maria og Josef visste nok Elisabeth det og kanskje Johannes Døyparen, sonen til Elisabeth. Josef må ha vore ein ærleg og rettvis mann. Vi les om at han fekk […]

Nok å tenkje på

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 18. desember , 2020

18. des. Det har vorte mykje å tenkje på i det siste. Vaknar kvar  natt og ligg vaken før eg endeleg sovnar ei stund før det er på tida å stå opp. No er det vaske, pynte og bakefase i større grad enn før. Til no har det vore berre kos med juleførebuing, men no […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.