Snart Mars

Ja, det nærmar seg mars, første vårmånaden. Eg er av dei som har fått nok av vinter og kulde, og difor er dagane med raude temperaturar velgjerande. Siste dagane har eg ikkje sett fuglar i hagen. Har dei frose i hel?

Mars, ja? Er det dit vi skal? Såg på marslandinga og var like imponert som alle andre, men ikkje forstår eg at nokon vil bu på denne planeten. Han gjer seg best på avstand denne raude kloda, for buande er han ikkje. Kom eg dit ville eg om- kome av heimlengt omgåande. Eg har skrive om marsreiser før og skal ikkje ta oppatt temaet. Viktigare no må det vere å redde det som reddast kan av den kloda vi har fått.

Eg har ikkje greidd å riste av meg følgjene av den stenge kulden vi hadde ein månad og meir. Kulde som fekk hus til å løfte seg og dører umoglege å opne. Skulle eg så ynskje meg ein planet der heller ikkje ullskjorta er i stand til å varme?

Eg ynskjer meg varme vindar, fuglekvitter – og barneborn på besøk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.