Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kategori: Ukategorisert

Minne frå Egyptens land

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 17. desember , 2020

17. des. Vi hugsar at etter at Jesusbarnet fekk besøk av vismennene få Austerland kom ein Herrens engel til Josef og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leite etter barnet og vil drepa det.» Han stod […]

Komfyren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 16. desember , 2020

16. des, Eg er så gammal at eg hugsar tida då maten vart kokt på ein vedomn, ja, endå til brød vart steikte der. Kan minnast at ein måtte følgje litt godt med på prosessen så ikkje brøda vart svartbrende. Hende det likevel at dei vart svidne, måtte vi ete skivene og med den trøysta […]

Bygd i krise

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. desember , 2020

15. des. Byane veks og bygdene vert utarma. Dette er ikkje ei overdriving. Dei fleste unge som har fulltført vidaregåande utdanning finn vegen til byane. Dei fleste i bygda. her er pensjonistar. Alle må forstå at dette ikkje kan halde fram stort lenger. Stoda har lenge vore stagnasjon, og det vi no ser er tibakegang. […]

Også ei julekake

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 14. desember , 2020

Inga perfekt jul utan ristoppar. Dei heitte noko anna i min barndom. I dag kan ikkje den nemninga nyttast for då er vi rasistar. Laga av ris, men det er berre førebokstaven og slett ikkje smaken. Smaken og lukta tyder på at sjokolade er ein viktig ingrediens, både kokesjokolade og etesjokolade, egg og smør. Ja, […]

Lucia

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 13. desember , 2020

        13. des.          Luciadagen  I dag var det tidleg opp for å sjå og høyre Bergen Domkirkes Pikekor. Eitt av våre barnebarn er med. Ho måtte stå grytidleg opp og var nok skikkeleg nervøs. Jentekoret song ein heil time med både kjende og mindre kjende melodiar. Luciaframføringar er […]

Barndomsminne 3

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 13. desember , 2020

12. des. Når ein har levd i trekvart århundre, er det mange julekveldar å minnast. Då er det pussig at eg ikkje kan skilje ut ei  ut ein einaste å fortelje om. Barndomens julekveldar var heime hos far og mor på Kalvatn. Fire syskjen, mor og far og ofte tante Oddlaug. Same programmet kvar jul. […]

Barndomsminne 2

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 11. desember , 2020

11. des. Mitt ambivalente forhold til julenissen og alt hans vesen skriv seg nok frå ei oppleving i eitt av mine tidlege barneår. Det var ein mørk kveld det brått dukka opp eit skremmande syn. Andletet i kjøkenglaset var opplyst. Eg vart livredd! Nissen var ikkje noko koseleg syn . Det var meininga at eg […]

Barndomsminne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 10. desember , 2020

10. des. Det knyter seg minne til barndommens jul. Eg tenkjer at mykje var annleis med jula på1950-talet enn i dag. Sjølvsagt venta vi på jula og masa. Når du er barn går tida så mykje seinare enn når du er komen opp i alderdomen. Eg hugsar dei viktige roma heime, kjøkenet og dei to […]

Jol

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 9. desember , 2020

9. des. I går las eg ein artikkel om kva ord jul kjem frå og det er ikkje berre enkelt. Dei som studerer opphavet til ordet jol, prøver å finne ut kva ordet har utvikla seg frå. Då må ein til dømes studere urgermansk. Då er det snakk om fleire tusen år. Jol er den […]

Gode nyheiter?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 8. desember , 2020

8. des. I dag starta helsevesenet i Storbritannia med å vaksinere folk mot corona. Dei starta med dei eldste og det vil gå mange månader før alle har fått inn i kroppen eit vern mot covid 19. Først etter nyttår kan den første personen her i landet få vaksina. Dette må då vere ei god […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.