Barndomsminne

10. des.

Det knyter seg minne til barndommens jul. Eg tenkjer at mykje var annleis med jula på1950-talet enn i dag. Sjølvsagt venta vi på jula og masa. Når du er barn går tida så mykje seinare enn når du er komen opp i alderdomen.

Eg hugsar dei viktige roma heime, kjøkenet og dei to stovene og soveroma – løa og fjøsen. Sidan eg vart fødd mot slutten av krigen, hugsar eg lite av julefeiringa før 1950. Kjøkenet var eit viktig rom. Vinterstida var det einaste romet der ein fyrte i omnen dagleg. Når jula kom, fyrte ein også i stova nær kjøkenet og der stod juletreet. Eg ser føre meg korleis det var på kjøkenet før jul. Tett før jul vart det hengt opp ein plakat på eine veggen som synte eit vinterlandskap med kanefart. Anna pynt kan eg ikkje hugse bortsett frå juletreet. Det var ikkje begynt med stjerne i glaset eller sjuarma lysestake.

Kor fast det var , veit eg ikkje, men eg hugsar ein gong golvet i kjøkenet vart olja. Då var det ei utfordring korleis vi skulle kome oss over golvet før det var tørt. Vi hadde ei bestestove der det nesten aldri vart fyrt i ovnen. Det er undarleg å tenkje på at vi ikkje feira jul i dette romet, her var det julegåvene vart lagra oppe på ein etasjeovn. Vi var veldig spente på kva som var i pakkane og eg trur nok vi vart freista til å knipe litt. Mjuke pakkar var ikkje populære. Vi borna hadde lite pengar, men vi hadde nokre få kroner slik at vi kunne kjøpe enkle, rimeleg julegåver. Hugsar ei jul vi gav ein potetskrellar til mor og den vart brukt i mange år. Det var nok ei fellesgåve frå borna. Det var nok mest vanleg i alle høve å koke potetene med skalet på.

Kanskje eg kjem til å dele litt meir om vår enkle barndomsjul i morgon.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.