Også ei julekake

Inga perfekt jul utan ristoppar. Dei heitte noko anna i min barndom. I dag kan ikkje den nemninga nyttast for då er vi rasistar. Laga av ris, men det er berre førebokstaven og slett ikkje smaken. Smaken og lukta tyder på at sjokolade er ein viktig ingrediens, både kokesjokolade og etesjokolade, egg og smør. Ja, til og med sukker som om det skulle vere naudsynt.

Mor brukte å lage ristoppar så her er det tradisjon. Andre viktige småkaker var sirupsnippane. I mangel av stor nok kakeboks vart dei lagra i det vi kalla hylkje. Det er eit slag spann budeiene brukte til å frakte mjølka heim frå sætra med, og det hadde selar. Eg skulle ha teikna det, men du kan prøve å «gugle». Dette hylkjet stod i eit kott på loftet. Det hende at vi ungane fann vegen dit og fann oss ein sirupsnipp så lengs der fanst.

No er det jamnt slutt med å skrive om julekaker i år. Eg set eit høveleg punktum med ein illustrasjon som syner at vi har produsert ristoppar. Jula kan kome. Berre ti dagar att, nok tid til å bere ved, vaske golv,tørke støv og hente juletre

|

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *