Gode nyheiter?

8. des.

I dag starta helsevesenet i Storbritannia med å vaksinere folk mot corona. Dei starta med dei eldste og det vil gå mange månader før alle har fått inn i kroppen eit vern mot covid 19. Først etter nyttår kan den første personen her i landet få vaksina. Dette må då vere ei god nyheit.

Det andre som er slege opp som verdt å vite noko om, er kven som tente mest pengar året som var, og kven som eig mest. Når det gjeld inntekts- og eigedomstoppen så minner det om kampen mellom onkel Skrue og Gudbrand Gråstein. No er det ikkje sikkert at dei som tente mest i fjor er så opptekne med denne knivinga. Det er nok først og fremst media som kosar seg med  saka. Eg lurer elles på om alle som står på denne lista gjer det like bra i år.

Ei god sak på heimebane er dei nye julekakene til ettermiddagskaffien. Merk deg namnet: Koriandernøtter. Desse godsakene inneheld  koriander, pomeransskal, ingefær osv. Terningkast 6!

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.