Lucia

 

 

 

 

13. des.          Luciadagen

 I dag var det tidleg opp for å sjå og høyre Bergen Domkirkes Pikekor. Eitt av våre barnebarn er med. Ho måtte stå grytidleg opp og var nok skikkeleg nervøs. Jentekoret song ein heil time med både kjende og mindre kjende melodiar. Luciaframføringar er alltid stemningsfulle med lys, song og musikk.

Vi brukar ikkje å sjå på mobilen under frukosten, men i dag hadde vi mobilen framfor oss og fekk både sjå og høyre.

I min barndom var det ingen Luciatradisjon. Feiringa av Luciadagen har vore meir utbreidd i Sverige enn her i landet, men er no vanleg i skular og barnehagar i vårt land. Til denne dagen vert det baka spesielle bakverk, lusekattar. Det er ulike tadisjonar men den mest vanlege er feiringa av den heilage Lucia på Sicilia som vart martyr under kristendomsforfylgingane i Romarriket. Luciasongen, eller » Santa Lucia», er opphavleg napolitansk.

 

 

 

 

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *