Tran

Eg drikk tran kvar dag. Det gjer eg ikkje først og fremst fordi eg er redd for ei forkjøling, men fordi det er noko som heiter vitaminar. Gjennom tran får ein i seg A, D og E vitamin. Sanasol høyrer også med for då er C- vitamintilskotet på plass også. Gløymde visst at Omega 3 også vart med i lag med trana.

Då eg gjekk på lærarskulen ein gong på 60-talet, drakk eg også tran. Då stod flaska oppe i eit skap. Tok ein slurk før eg gjekk ut om morgonen. Det var det sterkaste eg drakk!

Går vi endå lengre tilbake i tida, eit decennium heiter det visst, fekk eg i lag med dei andre på skulen tran kvar morgon. Det var eit artig rituale når eg ser attende på det no. Lærarinna, fru Walle, var ei myndig dame, aktiv i saniteten og visste kor viktige vitaminane var.

Annonser

Lopradag

Eg er opplært til å vere i aktivitet. Du skal halde på med noke heile tida. Pausar er lov, men latskap og sladakestell er ikkje godteke. Er det ein dag du ikkje veit kva du skal gjere, så får du finne på noko. Gå ut på tunet og spark småsteina, få nevane ut av bukselommene , tørk støv, vask do!

I dialekta mi er det eit omgrep som heiter lopradag. Då tok ein seg fri frå alle daglege plikter og gjorde kva ein ville.  Ein fridag, altså, ein dag for «alt og ingenting». Gjekk kanskje på besøk til einkvan, drakk kaffi og drøsa, kort sagt tøysa vekk tida. Har du teke deg ein lopradag, er du ikkje på jobb!»  Kva med meg då? Kan eg ta meg ein lopradag? Eg som er pensjonist?

Annonser

Uri Geller

Så dukka han sanneleg opp att, denne fyren som gjev seg ut for å gjere storverk med tankekraft. Er han ein sjarlatan, eller er det reelt at han ved hjelp av tankeenergi får skeier til å krulle seg og øydelagde klokker til å gå? Såg at han var på alternativmessa på Lillestrøm. Der løfta tre menn ein fjerde mann berre ved hjelp av peikefingrane. Eg har også vore innom nettstader der det vert fortalt om kva han har utretta. Det er bra at han ser ut til å ha positive siktemål med det han tek seg føre.

Uri Geller er israelar, fødd i 1946. Han har ein mangslungen karriere, og var m.a. fallskjermhoppar i 6-dagarskrigen og vart då såra. I eit foredarag på messa sa han: Det første du skal gjere når du vaknar neste morgon er: Tenk på det du ønskjer deg. Anten det er meir pengar, ny bil eller lækjing. Visualiser det for deg sjølv, tenk positivt om det. Frå i morgon vil tinga du tenkjer på begynne å kome inn i livet ditt. Han fortel at menneske som bed til Gud lever lenger, er meir lukkeleg og mindre sjuke.

Det er fascinerande å lese om slike som  Uri Geller og Snåsamannen,  dei er menneske med evner utanom det vanlege, men likevel er dei som oss andre. Dei har  si tilmålte tid på denne planeten.

Annonser

Døra

Det er søndag i dag, men eg tenkjer likevel på den døra eg streva med å setje inn i går. Det er ofte bra å ha nokon i lag med seg når ein skal gjere noko  viktig, og noko ein ikkje har gjort særleg mykje av før, som å setje inn ei ny dør.  Prøvde å følgje oppskrifta som følgde med. Seinare oppdaga vi at eg hadde slurva med pkt 1, dørstokken. Han var ikkje så vater som eg trudde. Døra vart skeiv. Då dette var oppretta, trudde eg at alt skulle bli velstand, heilt til sonen min sa:» Skal ikkje døra vere jamnt med ytterveggen?» Her vart det ei utfordring, ja kanske til og med ei utforing! Det synte seg at veggen på venstre sida av døra ikkje var i lodd. Det førte sjølvsagt til at dørkarmen måtte lenger inn i rommet, men det er ei grense for kor langt inn i rommet døra kan kome før det vert gale på innsida også. Det er inga hjelp i å klandre dei som ein gong sette opp veggen på badet i kjellaren for dei er ikkje blant oss lenger. Så dette er i første rekkje mi utfordring. Det heiter visst at ein god snikkar må kunne fuske. Eg har ein tanke om korleis den fuskinga skal utførast.

Det glatte lag

Tid for litt språkprat igjen. Vi brukar mange faste uttrykk utan å vite kva dei tyder. Uttrykket» det glatte lag» skriv seg frå marinen i gamle dagar. Når ein fyrte av alle kanonene på babord eller styrbord side, gav ein det glatte lag. Ein fyrte av alt ein hadde mot noko eller nokon. Parallellen til det er å fyre av ei» breiside». Eg meiner at uttrykket «å gje det glatte lag» også har vore brukt som ein honnør. Vi finn det i diktet Terje Vigen.

Språket vårt vert rikare av å ha slike faste uttrykk, men vi må forstå kva dei tyder og bruke dei rett.

Viss kyrkja no vel å gje  Gelius avskil (i unåde) kan vi seie at han får det glatte lag.

Musefella

Er det nokon som likar å ha mus i veggen? Finst der eit lite hol ein plass, kjem musa seg inn i huset. Når kulda set inn, prøver også dei små gnagarane å finne husly og mat. Det er mange historier om mus som kjem inn i hus. Eg hugsar fleire episodar, men i dag gjeld berre den dagsaktuelle.

Her ein morgon såg eg ei mus på fuglebrettet ut for glaset. Oi, kvar kjem du frå tenkte eg. Jau, ho kom frå veggen og ut på brettet. -Du må leite opp musefella, sa kona mi. Ja, men kvar er den, tenkte eg, og det vart med tanken. I går var eg innom det byggefirmaet eg brukar, og der var det ein heil stabel med øskjer med to feller inn i kvar. Nymotens feller med ei lita åte inni, enkle å spenne opp med liten fare for smekk over fingrane. Ho gjekk i fella, musa. Vert inga julefeiring på henne.

Keers pink

Keers pink er ein del av mi historie, mitt liv frå barnsbein av. Eg vaks opp på keers pink og noko attåt. No har eg ikkje gløymt Pimpernell og Beate, men keers pink er dronninga. Eg møtte deg om hausten i åkeren, var med og  sette knollar i jorda om våren, og fann deg nesten dagleg på middagsbordet. Du har vore, saman med alle dei andre potetsortane, eit naudsynt næringsmiddel! Ein julemiddag utan keers pink vert feil. Frk. Pimpernell har bode på konkurranse og har innsmigra seg, men eg har aldri svikta deg og din mjølne konsistens perfekt i lag med saueribbene.

I dag var det og keers pink saman med julepølse og vossakorv. Denne knollen med opplagsnæring har ikkje svekka vitet, men tvertom vore til kveik og nytt mot. Et berre pastaen din du, eg held meg til keers pink!

Slakt

I dag vert det litt om språket vårt og spesielt det som vert brukt i media. Det er ein viss skilnad på språket i dei offisielle nyhendesendingane på radio og TV og avisene. I dei trykte media finn vi ein del sterke språkuttrykk som ikkje vert nytta i radio og TV. Eg tenkjer særleg på uttrykket»slakt». Ordet kjem frå det å ta livet av eit dyr og alt det kan innebere. Men ordet kan og tyde ein knusande dom.  I sistnemnde tilfelle  snakkar vi om ein metafor. Det skal ikkje forståast bokstavleg, men det gjev likevel assosiasjonar – og det er vel føremålet også! Eit slikt uttrykk kan ha stor effekt når det vert brukt med varsemd, men her ein dag tykte eg VG gjekk vel langt.  Det var bilete av ei heil rad med folk som hadde vorte slakta, i følgje avisa. Viss dette verkeleg hadde hendt, ville kanskje overskrifta ha vore «Massakre på…»

Språk kan vere farleg. Eg kjem nok attende med nye døme!

Gamle dagar

Er det lenge sidan gamle dagar? Umogleg å svare på. Kva som har vorte gamle dagar er vanskeleg å avgrense.  Det kjem også an på alderen på den som svarar. Kan vi seie at det som var før mi tid var  gamle dagar?

Eg har gjort meg opp ei meining. Gamle dagar var i naturalhushaldet si tid. Då åt ein graut kvar dag og hadde festmat i høgtidene og ikkje elles. Det var før bilen og flyet. Det var definitivt før første verdenskrig. Det var også lite aviser i gamle dagar og dei som var, hadde ikkje illustrasjonar.

Livet var enklare i gamle dagar. Fjernsyn, radio, telefon, datamaskiner, internett fanst ikkje. Viss alt dette ein dag ikkje verkar, då veit vi litt om korleis dei hadde det i gamle dagar.

I gamle dagar var det altså naturalhushald. Folk levde av det jorda, skogen, fjellet og sjøen gav. Då budde også dei fleste her i landet på bygda.  Eg har av og til tenkt på kva som ville skje viss vi måtte tilbake til gamle dagar, av ein eller annan grunn. Då kjem eg på berre eitt ord: Katastrofe.

Solspeil

Eg saknar sola. På klarversdagar ser vi no sola som berre gyller fjellsider og toppar. Då veit vi at ho ikkje er heilt borte, men vi vil ikkje sjå henne her på buplassen før 10.februar. Slik har det vore, slik er det, og slik vil det bli så lenge fjella står der. På Rjukan har det vore eit initiativ til å setje opp ein solspegel som skal lyse opp torget i byen. Kostnad 5 mill.

I Viganella, Italia, er det ein slik spegel som opplyser torget. Det har visst god effekt. Kanskje vi kunne fått ein slik spegel her i Austefjorden. Det ville nok bli eit avgrensa område som ville få solstrålane. Kva for grend ville hatt størst sjanse til å få ei slik innretning? Håvika og Djuvika ville stille sterkt. Folkevittigheita vil ha det til at ein av desse plassane har sol berre annakvart år.

Grunnen til at eg kom på dette med solspegel var at det visstnok har vore eit slikt prosjekt i ein dal på grensa mellom Tyskland og Austerrike(Tyrol). For der sist sommer, og då vart det fortalt, men eg har ikkje funne ut meir om det.