Follabloggen

Velkommen til min blogg

Liv på andre planetar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 5. februar , 2011

Det er ein norsk astronom som vert heilt vill og får stjerner i blikket når det dukkar opp nye galaksar og planetar. Eg les om denne satellitten, Kepler,  som har oppdaga eit nytt solsystem som ligg 2000 lysår borte. Dette solsystemet skal visst ha temperaturar som kanskje kan vere leveleleg for organismer.

Så tenkjer eg, og sikkert mange med meg: Kva konsekvensar har det for oss at det finst galaksar som ligg 2000 lysår undan. Dit har vi ikkje sjanse til å kome. Eit lysår er så langt som lyset går i løpet av eitt år og lyset har ei fart på 300 000 km i sekundet og eg har lært at lyset brukar vel 8 min frå sola til oss på jorda. Kva er då vitsen med å starte på ei reise som ein aldri kan ha von om å kome til målet med?

Det er nok eg som er teit, men eg lurer på kva vi eigenleg bør vere mest opptekne av vi som bur på Tellus.  Med all uro rundt om på kloda vår, forstår eg godt at nokon gjerne kan tenkje seg å evakuere til ein annan planet, men har vi noko alternativ? Eg er mellom dei einfaldige og trur at ein dag skal denne planeten bytast ut med ein ny, men det vert nok inga romreise, men eit guddommeleg under.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.