Follabloggen

Velkommen til min blogg

Nemningar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 14. februar , 2011

Det er ein del nemningar som har forsvunne frå språket, og i ein del tilfelle kan det vere berre bra.Når vi i min barndom kalla ei jente for ei fesje eller tausafesje så var det vel ikkje meint så overlag positivt, Kalla du ei kvinne for eit nasegrev var det heller negativt, Det var rett ofte ein kunne kalle ein tausunge for ei fantetikse, Då hadde vel jenta gjort ei prette, vil eg tru, Gutafante var  ikkje så nedsetjande.

Var det ei dame som var litt omfangsrik kunne ho verte kalla ei druse, eller til og med ei redige druse.Ein mann som hadde lite kjøt på beina kunne karakteriserast som ein spikjebok. Ein bog er øvste delen av ein fot på eit dyr og vart han turka, kunne det vere lite att. Den attarste delen på ein hest hadde lokalnamnet dova. Eg har høyrt det sagt om damer med breie hofter at dei var breie over dova. Slik var det ofte; ein henta gjerne inspirasjon frå dyreverda når ein skulle lage ein råkande karakteristikk, Eg veit også at ei jente eller kvinne som var litt utagerande, kunne bli kalla ei skjor.

Slik kunne ein halde på, og dei som ikkje har anna å gjere, kan leite fram fleire ord som har gått ut av bruk.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.