House

Kvifor ser eg på House? Ja,kvifor ser folk på denne såpeserien. Eller er det feil å kalle det såpe? Eg er i utgangspunktet utruleg fascinert av dei medisinske kunnskapane til den eller dei som står bakserien. Sidan eg ikkje er lege har eg små føresetnader for å forstå mykje av det medisinske. Det er ofte… Fortsett å lese House

Framfot

Ein seljar er ein pågåande person som set foten mellom karmen og døra når han vil selje noko til husstanden, t.d. ein støvsugar. Vi kan likevel ikkje kalle denne seljaren for ein framfot sjølvom han har ein fot som stikk fram. Ein framfot er ein person som vil stikke seg fram, som vil ha rom,… Fortsett å lese Framfot

Venting

Kva gjer du når du ventar? Sit du i ein stol og ser ut i lufta, eller går du rastlaus rundt på golvet? Dei fleste finn vel på å gjere eitkvart i ei ventetid, gjere noko som er litt meining i så tankane kan bli sysselsette med noko anna enn venting. Sitje og sjå på… Fortsett å lese Venting

Kyndelsmess og litt til

Det er vel med meg som dei fleste andre andre, det er ikkje alle dagar skrivelysta er like sterk. Eg ser at det er kyndelsmess i dag. Kva eg ser detpå,  kan vere det same. Dette er ein dag du kan finne mykje om viss du leitar i leksikon og på internett. Det er også… Fortsett å lese Kyndelsmess og litt til

Egypt

Det er spennande tider, kanskje lagnadstunge. Heile verda vender auge til dette eldgamle kulturriket. Landet ved breidda av Nilen har alltid fascinert meg. Kva som skjer i dette landet har mykje å seie for arabarverda og for resten av verda. Landet er no å sjå til i kaos, kanskje det kan kallast føderier. Det er… Fortsett å lese Egypt

Spillevatn

Spillevatn er ikkje spillvatn. Spillevatn er silande, vedvarande regn.  I følgje yr.no er det det vi kan vente oss framover. Viss eg søkjer på google er det ingen som veit skilnaden, men nynorskordboka har med spillevatn som regn. Spillvatn er forureinsa vatn. Det kjem m.a. frå hus. Det som kjem frå skyene kan vanlegvis drikkast,… Fortsett å lese Spillevatn

Turrnavar

I dag vandrar vi frå hendene til hovudet. Det er mange nedsetjande ord på dei som ikkje får det til reint mentalt eller evnemessig. Turrnavar er vel nesten gløymt, men det er eit ord som har vore brukt her i området. Viss ein elev ikkje fekk til noko i boklege fag på skulen var han… Fortsett å lese Turrnavar

Treneve

Ordet i dag kunne gjerne vore fransk dersom ein legg trykket annleis enn på norsk. Det er sjølvsagt først leddet som skal ha trykket og skildrar ein person som ikkje får det til med hendene sine. Dei er så å seie ubrukelege til praktisk arbeid, men kan sjølvsagt brukast til å skufle i seg mat… Fortsett å lese Treneve

Rotekopp

Er du ein rotekopp? Då er du i godt, nei dårleg selskap. Har prøvd å finne ut kva ordet har sitt etymologiske opphav i. I følgje ordboka er kopp ein kopp, men eg trur heller det er kopf, altså tysk for hovud. Rotekopp og rotehovud er det same og ein vert rotekopp fordi ein er… Fortsett å lese Rotekopp

Dilemma

Å ha eit dilemma kan vere eit val mellom pest og kolera. Då har vi det på det verste! Men det finst grader av dilemma, heldigvis. Vi kan gjerne slå fast at kvar dag kan ha sitt dilemma. Det kan gjere livet meir fargerikt når vi har eit dilemma. Valet må gjerast. Å ikkje falle… Fortsett å lese Dilemma

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.