Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vy 2

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - søndag 13. februar , 2011

Så vart det Fløyentur likevel, men hjelpe meg for ei ishelle som møtte oss då vi vel hadde passert Skansemyren. Vel, vi kom oss opp vi tre karane og vesle Johanna i vogna. Det hadde vorte litt skumt, men utsikta frå Fløyen er alltid verd ein tur berre det ikkje er skodde. Harald svigerson tok eit bilete som no vert ei fornying av profilen min på facebook. Etterpå var det besøk på sushirestaurant, men det vart berre ein smak når det gjaldt den typiske japanske matretten. Håvard svermar for sushi så eg måtte plent smake på det han hadde bestilt, og godt var det. I morgon ber det nordover att. Eg har ein mistanke om at komande veke vert ganske travel. Får besøk av røyrleggar og elektrikar midt opp i at det kjem tre karar med arbeidslyst som vil gå laus på granene i Haslelida. Kvifor er overskrifta Vy 2? Jau, gårdagens var det utsikta frå stova i 5. adr. Krybbesmauet 1. Denne utsikta må vere verd fleire hundre tusen kroner. I dag var det Fløyen. Hit kan ein også kome med Fløybana som har hovudstasjon rett nede i bakken. Når eg kjem heim er det  utsikt mot gardar langt unna, og fjellsider!

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    februar 14, 2011 @ 14:01

    Ja, det bli ei travel veke, du! Tippar du må legge inn litt rekreasjon laurdag kveld og søndag, for mandag brakar det laus igjen ;) Ha ei god veke! (får du forandra V2 til Vy2, sidan det var det det skulle vere?)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.