Er vinteren så ille?

Mange grammar seg over vinteren. Det er kaldt. Vatnet frys. Det er farleg å ferdast, kvidesamt å ta ut.  Eg har aldri tykt om denne årstida som varer halve året. Men denne vinteren, endå så mykje kulde vi har hatt, så har eg ikkje kjent trong til å ause ut mi misnøye. Dette seier eg… Fortsett å lese Er vinteren så ille?

Tenk om….

Tenk om det var eg som sat fast  i Libya….. Tenk om det var eg som gjekk på trynet  på sprinten i Holmenkollen….. Tenk om det var eg som køyrde på ei dame i fotgjengarfeltet…. Tenk om det var eg som braut lårhalsen på glattisen….. Tenk om det var eg som miste kontrollen og fika… Fortsett å lese Tenk om….

Juklar

Han Jukle-Pe har vore streng i vinter, og vi har nettopp hatt kaldt ver ei rid. No skal det visst verte mildver, eller læke som vi seier etter gammalt. Ein tur opp på næraste  ås i dag i lag med nokon av næraste slekta, førte til at to av borna måtte ha med seg alt… Fortsett å lese Juklar

Ballj

«Då Kongen kom til Vigra, fekk han ball!.» Nørdste byen i fylket  vårt vert kalla Balljsund. På kafèane på Vestlandet, kanskje også på Bondeheimen i Oslo, har det vorte servert ball på torsdagar. Ball er godt, men eg veit det er folk som synest det er ein vemmeleg rett. Hugs likevel at det er som… Fortsett å lese Ballj

Tomt haud

Somme dagar er det vanskeleg å kome på noko viseleg å skrive . Statusen er tomt haud. Slik trur eg mange forfattarar har det rett ofte. Beste råda er då å skrive seg i gang. Som norsklærar har eg ofte høyrt:» Eg veit ikkje noko å skrive om!» Nett det har eg aldri vore viljug… Fortsett å lese Tomt haud

Uakseptabel framferd

Minne frå skuletida igjen. Eg gjekk på ein landsens skule der fred og ro rådde. Det var lite som braut idyllen og keisemda. Bygdavegen gjekk like nedom skulehuset. I bygda hadde vi ein vegvaktar. Han rusla etter vegen og reparerte dei verste holene og reinska veggrøfta. Bilar var det lite av, men vegen måtte vere… Fortsett å lese Uakseptabel framferd

Busserun

Busserun er ikkje det same som busserull. Eg har aldri eigd ein busserun og aldri hatt på meg dette plagget. Busserull har eg, men det er mange år sidan han var på kroppen min, og eg trur han ville stramme litt over bringa og magen. Men det  som er rart, er at busserullen  er utvikla… Fortsett å lese Busserun

Stor Y

Sidan det i år er 60 år sidan eg begynte på folkeskulen, har eg planar om å skrive nokre loggar med minne frå mi skuletid. Då meiner eg den tida eg var elev, ikkje etter at eg sjølv vart lærar for det er ei anna historie. Skriving var det verste eg visste, skjønnskrift, altså. Det… Fortsett å lese Stor Y

Kake

Du kan visst skrive doktoravhandling om mest kva som helst. Eg har ikkje tenkt å gje meg ut på det, men av og til likar eg å filosofere over eitt og anna. Du har vel lagt merke til det. Så har du sikkert også fått med deg at eg ikkje alltid pløyer så djupt, går… Fortsett å lese Kake

Mange slags tur

«Ut på tur, aldri sur», heiter det i ei oppmuntrande utsegn kanskje til nokon som er litt uviljug til å ta ut. Det er forresten mange slags tur, min tur og din tur. Vi kan ta ein tur, og vi gjekk ein tur. Då eg var i kortebukse- og undelivalderen på femtitalet, gjekk vi borna… Fortsett å lese Mange slags tur

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.