Strupl
Eg har leita fåfengt i ordbøker, men ordet finst ikkje. Tenk det, nok eit ord som har hatt lokal forankring. Det er eit lydmålande ord, eit onomatopoietikon. Det er brukt om å tøyse, søse, fjase, snakke uvøre. Viss nokon seier noko mottakaren synest er berre vrøvl og pølsevev, kanskje skitprat, kjem kommentaren om at dette er strupl.
Ordet er brukt om ei kinne som er forma som ei høg smal trebøtte. Oppi trebøtta står det ei lang stang med ein kross i botnen. Dette er ei struplekinne. Tenk deg at det skvett over når du kinnar smør i denne reiskapen. Når du struplar, så tenk deg at orda skvett ut av munnen på deg, mest som du slevar. Då struplar du, din strupl!
Eg synest eg høyrer folk seie:» Ka du strupla ette?» Det har ikkje same effekten når du seier:»Hvorfor tøyser du slik?» På mi dialekt vil det bli:»Ka du tøysa me?»
Runa Said,
februar 8, 2011 @ 12:15
Vel, ikke ta det så tungt. Det hender ofte at jeg må lete etter ord som ikke finnes i ordboka. Tenk om han Vinje bare kunne ha kommet seg over hele landet? Han gjorde jo en fantastisk jobb, han prøvde å ta vare på det opprinnelige norske språk. Både menn og kvinner har struper´lell, og kan struple med den.
Njål Grimstad Said,
januar 16, 2017 @ 15:10
– Finns på mi dialekt også. I tillegg til banning, inkluderer STRUPL også lite gjennomtenkt vrøvl. Vi forstår lett kvifor norske ordbøker er tynnare enn i andre språk. Norske lingvistar har gjort dårlig arbeid.
Harald Petter Said,
januar 16, 2017 @ 22:44
Artig å få kommentar på eit blogginnlegg som er 5 år gammalt.