Follabloggen

Velkommen til min blogg

Radioandakten

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 7. februar , 2011

Eg er ein av dei som får spørjeundersøkingar frå TNS- Gallup. Eitt avspørsmåla på ei slik undersøking gjekk på kva eg syntest om at det er andakt på Nrk. Dei fekk eit positivt svar på det.

Kvifor er det så viktig for mange å få vekk alt som smakar av kristendom på radio og TV? Det var ein søndag eg reiste med ekspressbussen frå Oslo til Volda. Då kl. var 11.00 var det tid for radiogudsteneste. Ved eit «uhell» stod radioen på slik at heile bussen høyrde det. Straks var det ein som sprang fram til sjåføren og fekk slått av. Gudsord gjennom eteren er farleg det!

Kva så med radioandakten? Mitt syn at det er viktig med ein slik programpost. Ikkje berre fordi det har med kulturen vår å gjere, men fordi det er nokon som treng det. Det er mange som har eit positivt tilhøve til kristendommen, men som les lite i Bibelen. Då er det fint å få noko over radio, måndag til torsdag.

Innhaldet i desse andaktene har ofte lite substans. Nokon presterer å snakke om ver og vind og likegyldige ting. Likevel: Fadervår og velsigninga er med. Då kan ein i alle fall stanse opp ved det. Dei beste andaktene tek med dagens tekst ut frå kyrkjeåret. Så er det nokre andaktshaldarar som er særleg fine å høyre på. Eg tenkjer m.a på Geir Gundersen.

Kvifor er kristne menneske så redde for å vise andlet? Sjå på bilete frå fredagsbøna i muslimske land! Muslimane er ikkje redde for å vise kva dei trur på.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.