Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kvivsvegen

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - onsdag 9. februar , 2011

Snart er det hol gjennom fjellet til Hornindal. No er det ca 500 m att av den 6,7 km lange tunnelen frå Kalvatn til Grodås. Det vert no berre drive tunnel frå Nordfjordsida. Vegen mellom Kalvatn og Fyrde er no i svært dårleg forfatning med vaskebrett og holer så eg er glad vi slepp å køyre så mykje den vegen.  Det er ikkje den store aktiviteten på vegbygginga mellom Damfosstunnelen og Kalvtntunnelen, men i Orsneset har dei fjerna ein god del fjell så no er dei komne nær husa der. Elles er det arbeid inne i tunnelane.

Mellom Aurstad og Hjartåbrua er det no full aktivitet med utviding av vegen både  innanfor Årsettunnelen og  Hjartåbrua. Mellom kl.12.00 og 14.00 dagane kan vegen vere stengd inntil 1 time.

Den dagen det er hol mellom Sunnmøre og Nordfjord, vurderer eg å heise flagget, eller i allfall skrive ein blogg!! Tenk om gamlekarane som gjekk over Kviven,  hadde fått oppleve dette! Neste haust kan vi dra på shopping til Grodås, det vert kortare enn til Volda. Dreg ein dit,  er forresten ikkje vegen så lang til Stryn heller.

2 Comments »

  1. Idunn Said,

    februar 9, 2011 @ 21:39

    :-D

  2. Harald Petter Said,

    februar 10, 2011 @ 08:46

    Sett slikt! Trur du ikkje Google har lagt til med tilbod om å leige hytte i Stryn!!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.