Follabloggen

Velkommen til min blogg

Tilbake i bingen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. februar , 2011

Det er greitt og trygt i bingen. Eg veit kvar eg finn mat, kvar bolet er og andre naudsynlege stader. Du synest det høyrest ut som ein stad for gris eller andre firføtte. No ja, katten er her, men ingen andre dyr. Eg reknar meg til manneætta.

Ordet binge kan assosierast med eit fengsel. Vert det eit fengsel, er det i så fall mi eiga skuld. Viss eg skreiv at eg var tilbake på båsen, ville du straks tenkje at her var det endå mindre fridom. Det er noko som heiter spilltau også, det er hesten sin plass i stallen. Sidan eg vaks opp på eit småbruk hadde vi også sauer. Sauen stod ikkje i band som kalv og ku, han var inne i ein» saudegare»der han gjekk fritt omkring i lag med andre sauer. Slik sett handlar det meir om sau enn hest.

Eg er attende i bingen. Her har eg tilgang på telefon og internett, radio og TV. Apropos TV. Svigersonen i Bergen kom med det frekke spørsmålet om eg hadde fått ny TV, altså flatskjerm. Eg kom ikkje på der og då at eg  kunne spurt om han hadde kjøpt ny bil…..! Han rår ikkje over siste skrik når det gjeld bil:-)

Det er kjekt å ta seg ein tur utanfor bingen, ut på trafikkerte vegar, sjå att bygder og byar, råke slekt og vener, lufte vitet.

Veit ikkje om eg er klokare i dag enn eg var i går. Dei seier at røynsle kan gjere ein klok dersom ein lærer av eigne feil. Eg vil helst tru at eg er nesten feilfri, men livet har lært meg at der tek eg skammeleg feil

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.