Follabloggen

Velkommen til min blogg

Slekt

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 10. februar , 2011

No er slektsgransking på moten. «Hvem tror du at du er ?» heiter ein programserie på NRK der kjende personar finn ut av slekta si bakover.

Før var det berre ein og annan som hadde slektsgransking som eit spesialområde, men no held det på og blir ei farsott. Ganske positivt i utgangspunktet å bli kjend med røtene sine, men ein må vere budd på at ein kan finne ting ein ikkje synest er noko særleg. Kjem på kva han Ivar borta Åsa  sa:» Det er brotne tre i alle skogar, det henge mold under alle plogar!» Det var ein mann som skrytte av at sonen hadde fått ei god stilling, men han hugsa ikkje kva tittelen var. «Det var noko som enda på «ron», trur det var lasaron.»

Det var ein gong for fleire år sidan eg fekk eit dataprogram der eg kunne registrere mine forfedre og formødre. Ja, eg sette igang og  registrerte slekta bakover til slutten av 1700-talet. Diverre krasja datamaskina, og eg hadde ikkje teke backup. Ein travel kvardag med mange gjeremål førte til at eg ikkje hadde energi til ta saka opp igjen.

Mora mi var eit levande leksikon og la ut om slekta i Stryn og andre stader, men eg har ikkje klisterhjerna og skreiv ingenting ned, og dermed tok ho med seg all kunnskapen då ho forlet oss.

Eg har ein firmenning som skriv bygdebøker, og det har ikkje vorte få etterkvart. Ho har god oversikt når det gjeld si slekt også. No trur eg likevel at eg veit meir om slekta mi enn mange jamaldringar.

Det kunne no vere artig å kunne skilte med ættetavle a la slike vi finn i Bibelen. Det finst folk som reknar slekta si tilbake til Harald Hårfagre. Stammora var då sjølvsagt ei av dei mange frillene desse folka hadde, men ikkje noko gale sagt om dei. Dette at kongar hadde blått blod er sjølvsagt gammal overtru. Det kongelege og adelege blodet er også ringare enn anna blod fordi sjansen for innavl og vidareføringa av dei dårlege eigenskapane er større enn normalt, for å seie det mildt.

For min eigen del kan eg ikkje skilte med ein einaste person med adeleg byrd, det eg veit. Eg er stolt av å vere av bondeslekt, folk som kunne livberge seg og sine sjølv om tidene ofte var stride å kome igjennom.

1 kommentar »

  1. Einar Ese Said,

    august 28, 2016 @ 06:06

    Dette var godt skrive.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.