Gjestfridom

Folk er sikkert gjestfrie i dag også, men eg tenkjer at det var betre før her i landet. Eg har lese og høyrt at heimar i andre og mindre rike landet, vert opplevde som meir gjestfrie enn det vi opplever her på berget anno 2011. Lat meg understreke at dette berre er eit inntrykk, eg… Fortsett å lese Gjestfridom

Utnamn

Når eg tenkjer på utnamn, er det helst slike som folk får klistra på seg med eit visst negativt forteikn. Somme tider har folk utnamn som berre vert brukte når vedkomande ikkje høyrer det. I andre høve kan det vere slik at dette utnamnet vert så gjengs at beraren både får høyre det, og etter… Fortsett å lese Utnamn

Gamle ord med ny meining

Det var heilt rått seier toppidrettsutøvaren etter ein siger. Det var heilt konge, det var dødskult, råkult . Eg trur mange synest at ordet fantastisk  held på å bli slite. Difor gjeld det å ta i bruk andre ord. Folk er på leiting etter nye uttrykk. Det er ikkje så greitt å finne nye ord… Fortsett å lese Gamle ord med ny meining

Vedhogst før og no

Motorsaga har revolusjonert vedhogsten saman med den hydrauliske vedkløyvaren. Eg trur knapt det er nokon som brukar vanleg sag for å felle eit tre, bortsett frå ein og annan miljøaktivist. Før var det også slik at du måtte drage vedastrangen heim med handemakt eller bruke hest og slede. I dag har traktoren teke over i… Fortsett å lese Vedhogst før og no

Vårteikn II

Eg ventar på Jasegeita. Ho er eit sikkert vårteikn. Dukkar ho ikkje opp ein gong ut i mars, er det teikn på ei økologisk katastrofe. No veit eg at Jasegeita ikkje finst. Dei gamle, foreldregenerasjonen min og lengre bakover snakka om denne Jasegeita, eller Harehukra. Jase er eit anna ord for hare, og geit tyder… Fortsett å lese Vårteikn II

Vårteikn I

Sidan vi i dag skriv 1. mars er det på sin plass å skrive om vårteikn. Sidan eg planlegg fleire bloggar med vårteikn for å fyre oppunder ei gryande vårkjensle, vil eg hefte på romarteikn etterkvart som det skrid fram med bekkesurl og fuglekvitter. Det er både rett og rimeleg og heilt naturleg å gå… Fortsett å lese Vårteikn I

Von dess

«Von dess » er eit uttrykk som berre sunnmøringar brukar. Her er visst fleire tolkingar inklusive Ivar Aasen si «med mulighet til å lykkes». Uttrykket er velplassert etter kombinertgutane sin tredjeplass i stafetten. Det kunne blitt gull, i allfall ut frå utsegnene til ein optimistisk reportar. Von dess, det vart bronse!  Det gjekk ikkje etter… Fortsett å lese Von dess

Rare greier

Det vart stilt i huset. I dag reiste dei alle sju så no er det berre kona og eg pluss den grå skogskatten som labbar på golvet. Ikkje ungeskrik, liv og røre. Rare greier. Fjernsynet har stått på i timevis og eg har sett innspurten til Nortug 6 -7 gonger, så no ser eg det… Fortsett å lese Rare greier

Snø og granskog

Snø og granskog er heimsleg, seier Vesaas i diktet «Snø og granskog». Veit ikkje kvifor eg kom på dette diktet her eine dagen.  Eg kan ikkje seie at granskog er heimsleg. Granskogen er trugande,  han veks nær dyrkamarka. Det veks opp små granbusker overalt der forhaustar, ljå og plenklippar ikkje kjem til. Innimellom er det… Fortsett å lese Snø og granskog

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.