Vårteikn I

Sidan vi i dag skriv 1. mars er det på sin plass å skrive om vårteikn. Sidan eg planlegg fleire bloggar med vårteikn for å fyre oppunder ei gryande vårkjensle, vil eg hefte på romarteikn etterkvart som det skrid fram med bekkesurl og fuglekvitter.

Det er både rett og rimeleg og heilt naturleg å gå litt attende i tid og røde litt om mine barndoms vårteikn.

Når snøen og isen smelta på vegane, var det tid for å sprette pinn. Sprette pinn gjorde vi ungane aldri medan det var snø på vegen. Vi heldt oss  på vegen der bilane køyrde. Eg kan aldri hugse at vi vart hefte av bilar som tuta. Det var stort sett han Reite som skulle inn på Kopa, eller han kom frå Kopa, eitt av dei to lokale kraftverka som forsynte Volda med kraft i min barndom. Det kunne også vere at han Styrka-Jakob skulle forbi med drosja si, eller Bjørke-Sverre med si, Vika-Lars med bussen, eller dyrlege Rolfseng.

Sprette pinn, ja. Det starta med å leite fram to vedskier(eller steinar) som vi plasserte på vegen, la dei parallelt med litt avstand. Så hadde vi laga ein stav, høveleg lang og så ein kortare, pinnen. Eg trur det var eit visst forhold mellom den korte og den lange. Dei som skulle vere med på leiken, var delte inn i to lag, eit innelag og eit utelag. Innelaget skulle gjere ein del operasjonar med denne pinnen, heilt til utelaget greidde å slå ut innelaget. Eg hugsar ikkje kor langt ut grensa for innelaget gjekk, der var eit strek på tvert av vegen.

Dei på innelaget skulle så gjere sine øvingar heilt til utelaget greidde å slå ut innelaget.

1. Legge pinnen på tvert på vedskiene og vippe  pinnen så langt ein greidde det og så legge den lange der den korte låg. Dei som var ute, kunne då prøve å fange  pinnen og få poeng for det. Fekk ein pinnen i hovudet var det ekstra mange poeng(!) Dei som var ute, skulle så kaste pinnen mot den staven som låg på vedskiene og få hantil å ramle ned. Då måtte dei som var inne,ut!

2. No var det å slå pinnen med staven så langt ut ein berre greidde. No skulle ein slå den korte pinnen ut. Dei som var ute, skulle kaste den korte pinnen mot vedskiene. Fekk ein pinnen mellom skiene var det ut! For å hindre dette rota ein i ein halvsirkel framfor skiene med den lange.

3. Det mest krevjande kom no. No gjaldt det å vippe pinnen så mange gonger ein greidde, og smeise til han til slutt. Eg har diverre gløymt utrekninga av poeng. Eg kan tenkje meg at vi hadde våre eigne reglar  som ikkje alltid samstava med «den nasjonale norma.»

Av ein eller annan grunn kasta vi ikkje på stikka i min barndom, uvisst av kva grunn, men det veit eg har vore og kanskje framleis er, eit sikkert vårteikn.

1 kommentar

  1. Og vesle lerka, ho hev det so
    at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
    so kved ho i med sin finaste song,
    so trur ho på vår med ein einaste gong,
    «Å hei Å hi Å tireliti Åtireli-tireli-ti !»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.