Von dess

«Von dess » er eit uttrykk som berre sunnmøringar brukar. Her er visst fleire tolkingar inklusive Ivar Aasen si «med mulighet til å lykkes». Uttrykket er velplassert etter kombinertgutane sin tredjeplass i stafetten. Det kunne blitt gull, i allfall ut frå utsegnene til ein optimistisk reportar. Von dess, det vart bronse!  Det gjekk ikkje etter planen, jammen måtte det gå slik! Uttrykket; -det var mi von, ligg nær opptil von dess. Det var slett ikkje mi von!

Eg skal bruke dette uttrykket dersom fotball-landslaget mislukkast i å kome til EM. Eg kan i grunnen bruke det villig vekk, og mine sunnmørske vener nikkar og forstår. Dei andre er meir eller mindre utanfor når eg smeller til med denne utsegna.

Sunnmøringane er kjende for å tene på det meste der dei ser ein sjanse til profitt. Eg har ei T-skjorte med «von dess» på, rett nok med lita skrift, men det er faktisk eit firma som har skodd seg med utgangspunkt i dette dialektordet.

Eg kan fleire historier om sunnmørsk initiativ og entreprenørskap, men den historia eg har lyst til å servere, let eg vere å kome med i redsle for å bli stempla som rasist. Von dess!

 

1 kommentar

  1. Apropos å tene på det meste; – før krigen sa vi her på Østlandet at det var en plass jødene ikke klarte seg så bra – og det var på Sunnmøre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.