Rare greier

Det vart stilt i huset. I dag reiste dei alle sju så no er det berre kona og eg pluss den grå skogskatten som labbar på golvet. Ikkje ungeskrik, liv og røre. Rare greier.

Fjernsynet har stått på i timevis og eg har sett innspurten til Nortug 6 -7 gonger, så no ser eg det heile berre eg tenkjer på det. Det var i grunnen litt sterkt at den tøffe idrettsmannen gret og hulka etter å ha gått over mål. Noja, eg synest nok vi kunne vore sparte for det, sjølv om det viser at han er eit menneske som oss. Eg ville no sjølv ikkje ha lika å kome på fjernsyn dersom eg gret.

Så det vart kanskje ikkje så stilt i heimen likevel, men det vart stilt på ein annan måte.

Eg kunna reist til Oslo og opplevd folkelivet under VM. No er det visst råd å kome seg til Holmenkollen og få med seg konkurransane berre ein startar tidleg nok. Det var litt flautt med han trafikksjefen som ikkje hadde tenkt over at det var laurdag i går, eller helg som dei sa. Det er no i dag at det er helg! Eg mislikar sterkt at dei kallar laurdag for helg,  sjølv om det er fridag. Trur ikkje alle som reknar laurdagen som helg, feirar sabbaten!

Det er mykje som er rart, eller som han sa guten:»Det er rart med det rare så lenge det vare.»

2 kommentarer

  1. Jeg kom til å tenke på han som etter sin død ble Olav den hellige. En dag satt han og spikket på en pinne (eller hva det var), og tjeneren hans sa: «I morgen er det mandag, herre». Det var en forsiktig måte å minne han Olav på at det var søndag. Det var nemlig synd å gjøre noe som helst på den den dagen, og kongen straffet seg selv med å brenne flisene han hadde spikket i sin hule hånd. En skotte fortalte meg at oppe i høylandet sitter ortodokse kristne med hendene i fanget og ser triste ut hele søndagen. Håper de følger bedre med på kalenderen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.