Snø og granskog

Snø og granskog er heimsleg, seier Vesaas i diktet «Snø og granskog». Veit ikkje kvifor eg kom på dette diktet her eine dagen.  Eg kan ikkje seie at granskog er heimsleg. Granskogen er trugande,  han veks nær dyrkamarka. Det veks opp små granbusker overalt der forhaustar, ljå og plenklippar ikkje kjem til.

Innimellom er det lauvskog, bjørk, or, selje, hegg og rogn. På eigedomen  er det ikkje heilt fritt for  furuer,  og nær tunet nokre skeivvaksne lerketre. Men desse grantrea trugar etterkvart med å korte dagen. Når dagen er på det lengse, kverv sola bak åsen i vest klokka halv åtte. Grantrea strekkjer seg mot himmelen og snart kan sola vere gøymd ein halv time tidlegare.

Grantreet har eitt flatt rotsystem og står det på grunn skogsmark, kan eit krafig vindkast legge det i bakken.  Det har hendt eit par gonger siste åra at eg har måtta ta meg av rotvelter. Det er ikkje farefritt å arbeide med slike tre. Det er betre å sage ned grana på normalt vis.

Då vi bygde hus her midt på syttitalet, stod det digre grantre langs gardsvegen og saug næring frå dyrkamarka. Eg felte fleire av desse trea og fekk dei på sag slik at dei kunne nyttast til å bygge det huset vi no bur i. Slik sett kom dei til nytte. Han Andreas, bror til bestemora mi,  dreiv garden i mange år. Han var ein oppglødd granplantar. Seinare har granplantinga gått av seg sjølv. Eg plantar ikkje skogstre i det heile.

Kva så med snøen kombinert med granskog? Nei, eg ser ikkje at det vert vidare heimsleg med snø og granskog.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.