Er vinteren så ille?

Mange grammar seg over vinteren. Det er kaldt. Vatnet frys. Det er farleg å ferdast, kvidesamt å ta ut.  Eg har aldri tykt om denne årstida som varer halve året. Men denne vinteren, endå så mykje kulde vi har hatt, så har eg ikkje kjent trong til å ause ut mi misnøye. Dette seier eg endå vedlageret har skrumpa alvorleg inn. Etter mine utrekningar skal det  vere nok ved til påska er over.

Det kan vere ei mekanisme inne i hjerna som har gjort det, ei slags fatalisme kanhende, kanskje det har noko med aldringa å gjere.  Vi får gjere det beste ut av livet sjølvom  telen går djupt, og  asfalten sprekk. No er det straks berre ein månad att til 1. april! Endå har eg ikkje henta skiene ut av garasjen. Eg har hatt mine orsakingar, m.a. eit podagra-anfall. Å gå på ski med det, er sjølvpining.

I dag har det vore heile 11 grader pluss ute – og regn. Det har vore ein grå dag, i alle fall var det grått i Holmenkollen og deromkring, både på den eine og andre måten, ein redige buljongdag! Det hjelp ikkje å bygge nye flotte bakkar i Oslo  for  skodda bryr seg ikkje om det.

Neste veke har skulane vinterferie, kona har fri, men det vert ingen sydentur. Vi må nyte vinteren medan vi har han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.