Minne frå framhaldsskulen III

Framhaldsskulerommet hadde utsikt mot kyrkja og  Åslidfabikken. Ein kunne sjå kontorvindauga i andre etasje. Der brukte den grå hatten til læraren ligge. Då visste vi elevane at langfriminuttet  enno ikkje var slutt. Kva vi gjorde på i fristundene? Det har eg faktisk gløymt det meste av. Hugsar at eg kunne teikne på tavla. Ein gong… Fortsett å lese Minne frå framhaldsskulen III

Minne frå framhaldsskulen II

På framhaldsskulen var det eit praktisk kurs med tresløyd for gutane og saum for jentene. Eg veit ikkje kva jentene fekk av kunnskap og nye ferdigheiter på sitt kurs, men vi gutane fekk sanneleg bryne oss. Sløydkurset var i kjellaren i Posten. Eigaren av huset kan eg ikkje hugse dukka opp når vi heldt til… Fortsett å lese Minne frå framhaldsskulen II

Minne frå framhaldsskulen I

Eg tenkjer ofte på ein lærar som gjorde eit sterkt inntrykk på meg på fleire måtar. Han var av desse som vart berre eitt år på kvar stad. No var ikkje det så rart sidan det var framhaldsskulen det gjaldt, og framhaldsskulen var eit årskurs  etter folkeskulen der vi hadde både teori og praksis. Det… Fortsett å lese Minne frå framhaldsskulen I

Vårteikn III

No ventar eg på fonnene. Oppi Middagshornet er det snart klart for snøskred og litt ramling. Der er rikeleg med snø og det har vore påfyll til dags dato. Eg veit at underlaget er hardt, bakken stivfrosen med mykje ishelle. Det såg vi no før den siste snørida. Markane er dekt av is. Marimesse, 25.… Fortsett å lese Vårteikn III

Tsunami

Vi lærte dette ordet for nokre år sidan. Det var ei fæl katastrofe som råka Sør-aust Asia. No er turen komen til Japan og tsunami er er eit japansk ord. Det er ofselge krefter som er i sving, først jordskjelv og så flodbølgje. 11. mars 2011 vil bli hugsa lenge av dei som vert råka.… Fortsett å lese Tsunami

Mann over bord!

Far fortalde ofte om då han fall overbord frå ei selfangstskute i Kvitsjøen. Dei hadde fått særs mykje sel, og dekket på selskuta «Helga»var fullt av selskinn. Han hadde nett tørna ut, og det var i hundevakta, i halv fire tida om natta. Han gjekk i tresko og valde å gå på rekka attover istaden… Fortsett å lese Mann over bord!

Medalja si bakside

Vi seier at Norge fekk 8 gullmedaljar i VM . Fekk eg gullmedalje også? Dei fleste medaljane gjekk til Trøndelag meiner eg å hugse. No var det ikkje sjølve medaljefangsten eg tenkte på, men det som kunne vere negativt med heile VM. Eg tenkjer  i det høvet på  uhemma festing og alkoholbruk langs løypene i… Fortsett å lese Medalja si bakside

Gjestfridom

Folk er sikkert gjestfrie i dag også, men eg tenkjer at det var betre før her i landet. Eg har lese og høyrt at heimar i andre og mindre rike landet, vert opplevde som meir gjestfrie enn det vi opplever her på berget anno 2011. Lat meg understreke at dette berre er eit inntrykk, eg… Fortsett å lese Gjestfridom

Utnamn

Når eg tenkjer på utnamn, er det helst slike som folk får klistra på seg med eit visst negativt forteikn. Somme tider har folk utnamn som berre vert brukte når vedkomande ikkje høyrer det. I andre høve kan det vere slik at dette utnamnet vert så gjengs at beraren både får høyre det, og etter… Fortsett å lese Utnamn

Gamle ord med ny meining

Det var heilt rått seier toppidrettsutøvaren etter ein siger. Det var heilt konge, det var dødskult, råkult . Eg trur mange synest at ordet fantastisk  held på å bli slite. Difor gjeld det å ta i bruk andre ord. Folk er på leiting etter nye uttrykk. Det er ikkje så greitt å finne nye ord… Fortsett å lese Gamle ord med ny meining

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.