Vedhogst før og no

Motorsaga har revolusjonert vedhogsten saman med den hydrauliske vedkløyvaren. Eg trur knapt det er nokon som brukar vanleg sag for å felle eit tre, bortsett frå ein og annan miljøaktivist. Før var det også slik at du måtte drage vedastrangen heim med handemakt eller bruke hest og slede. I dag har traktoren teke over i skogen, gjerne med vinsj for å nå tre som ligg vanskeleg til.

Sjølv om ein brukar motorsag til å kappe veden, er det nokre som tek vedkløyving som ei trening. » Veden varmar gjerne fleire gonger», heiter det. Ei bensindriven motorsag ureinar lufta og det er sikkert ikkje helsesamt å stå og puste inn eksosen. Vert det ikkje for langt med skøyteledning er ei elektrisk motorsag eit godt alternativ. Ei sirkelsag til å kappe veden med er også bra. Dei proffe som skal selje ved, har gjerne ei vedmaskin som både kappar og kløyver.

For eit par generasjonar sidan, var det somme som strekte løypestreng opp i hogstfeltet. Dette var sjølvsagt ei stor lette. Far fortalde ein gong at bestefar heldt på å følgje med ei last som skulle sendast på strengen. Han hadde gifteringeren på seg og det heldt på å gå gale. . Ja, ulukker og farar er det med det meste ein tek seg føre, og motorsaga kan vere spesielt farleg viss ein ikkje passar seg og brukar verneutstyr.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.