Gamle ord med ny meining

Det var heilt rått seier toppidrettsutøvaren etter ein siger. Det var heilt konge, det var dødskult, råkult . Eg trur mange synest at ordet fantastisk  held på å bli slite. Difor gjeld det å ta i bruk andre ord.

Folk er på leiting etter nye uttrykk. Det er ikkje så greitt å finne nye ord for det vi opplever utan å fylle gamle ord med nytt innhald, eller hente ord frå eit anna språk, oftast engelsk. Cool har no vorte fornorska til kult som tyder kjekt eller morosamt. Ein fyr som er kul er kjekk, men eg har eit inntrykk av at han også er litt morosam.

Eg ser at eg må følgje med og prøve å forstå kva folk seier i ei ny tid. Det er ikkje slik at eg hoppar på alt som er nytt og straks tek det i bruk, eg er nok litt konservativ i språkvegen. Eg seier til dømes ikkje at eg skal henge med vennene mine i tydinga vere i lag med.

Eg har lært at vi kan ha eit språk for ulike høve. Det er noko som heiter høctidsprosa og noko er kvardagsprosa eller lågprosa. Blandar ein desse stilartane kan det bli komisk. Språket vert forflata viss vi tek i bruk slang når vi skal vere høgtidlege. I dag ser det forresten ut til at det er folk som ikkje tek det så nøye korkje med påkledninga i festlege høve, eller kva dei  seier i ulike settingar, som det visst også heiter i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.