Utnamn

Når eg tenkjer på utnamn, er det helst slike som folk får klistra på seg med eit visst negativt forteikn. Somme tider har folk utnamn som berre vert brukte når vedkomande ikkje høyrer det. I andre høve kan det vere slik at dette utnamnet vert så gjengs at beraren både får høyre det, og etter kvart også svarar når nokon brukar det.

Det kan vere ulike årsaker til kvifor ein person får eit namn som han anten likar eller mislikar. Folk kan vere vondsinna, men somme tider kan det også vere namn som  vert  både folkeeige og heidersnamn. Tenk berre på Hjallis, Kupper`n, Tutta osv.

Eg hadde ein kollega som var ein glimrande forteljar av vitsar og gode historier. Han fortalde ein dag om ein mann i ei av bygdene i Nordfjord som vart kalla Skeiven (utt.: Sjeiven). Det var klart kvifor han fekk dette namnet. Han hadde ofte vanskar med å gå beint. No var det slik at det gamle ordtaket om at eplet ikkje fell så langt frå stamma, også høvde her. Så då sonen til Skeiven vart vaksen, fekk han også eit høveleg utnamn; Afterskeiven.

Ein ørsting (mann frå Ørsta) var fæl til å seie siddu (ser du, jfr. trøndersk `sjø) Ein dag kom det eit hjartesukk frå han: «At dei kallar mej Siddu, det arga kje mej, siddu, men at dei kalla soni minj Siddu Sidduson, det arga mej, siddu!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.